Lokal | 22. jan. 2017

E39: Milepælane i 2017

Skogafjellstunnelen blir tatt i bruk, fylkesveg til Endelausmarka blir ferdig og Ulvenvegen skal opna igjen.

E39: Milepælane i 2017
Anleggsområdet i Svegatjørn (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. jan. 2017 07:51

2016 blei det første heile byggeåret på E39 Svegatjørn-Rådal etter byggestart i oktober 2015.

– Før jul 2015 fekk laga ferdig anleggsvegen inn til Endelausmarka og gjort førebuande arbeid ved Svegatjørn. Det meste som er gjort til no blei utført i 2016, seier prosjektleiar Trygve Slåke i Veidekke.

Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn-Rådal

Tysdag 23. februar 2016 blei første salve ved Svegatjørn skoten. På eitt år er det drive 7,5 av i alt 23 km med tunell.

– Vi driv no i 11 stuffar (opningar) og sjølv om ein tredel er tatt ligg vi litt bak. Det har kome mykje vatn inn i tunellane, og det har blitt mykje sikringsarbeid med injeksjon av sement.

Snart ope hol mellom Svegatjørn og Endelausmarka

Før jul skulle det første av to tunelløp i Skogafjelltunnelen (1,5 km) vore ferdig. Det går framleis nokre veker den første bilen kan køyra under Skogafjellet, men når dei får gjennomslag blir det feiring.

– Denne milepælen skal markerast. Også når vi passerer 10.000 meter med tunell blir det markering, seier Slåke.

Når tunellen er farbar skal all trafikk til Endelausmarka gå i tunell.

– Det er ingen køyring av stein ut frå verken Endelausmarka eller Svegatjørn, trafikken til Endelausmarka er stort sett vareleveringar, som for eksempel betong.

Det andre tunellaupet i SKogafjelltunnelen ligg cirka 200 meter bak det første, og får truleg gjennomslag før påske.

Fjerning av veg frå Åsen

Når det er opning mellom Svegatjørn og Endelausmarka får Veidekke får seks månadar på seg til å fjerna anleggsvegen frå Åsen (Lyseklostervegen) og inn til 1,1 km lange Endelausmarka.

I løpet av 2017 skal den komande fylkesvegen mellom Åsen og Endelausmarka (som òg skal vidare frå Åsen til Helleskaret) stå ferdig.

Opnar Ulvenvegen

Tidleg i byggeprosessen, måndag 30. november 2015, blei Ulvenvegen stengt frå rundkøyringa ved Svegatjørn til krysset inn til Industrivegen.

Dette har vore medverkande til auka trafikk på Industrivegen, både i morgonrushet, med stor trafikk til skule og to barnehagar, og på ettermiddagen, ned mot Meny, UnoX og møtande ferjetrafikk.

Nytt vegstykke skal byggast, og dette treng vi ikkje venta på heilt til 2022.

– På tampen av 2017 skal Ulvenvegen etter planen opna igjen, og trafikken kan gå også på oppsida av Svegatjørn-området.

Det har vore ei jamn opptrapping av bemanning frå start i 2015 til hausten 2016.

– Dette held seg meir stabilt gjennom 2017. Vi har flest folk på Hamre, der vi frå tverrslaget driv i fem stuffar inkludert tunellen for overvatn, og nest flest i Endelausmarka.

Lager ferdig veg i Skogafjellet

Når det er ferdig to hol i Skogafjellet held arbeidet fram i tunellane.

– Sjølv om det skal vera farbar veg mellom Svegatjørn og Endelausmarka til ei kvar tid vil vi gå i gang med å bygga veg i tunellen.

– Det skal leggast VA og vi skal bygga vatn- og frossikring under den komande motorvegen, fortel Slåke.

Om E39 Svegatjørn - Rådal

• Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn-Rådal
• Animasjonsvideo: Ta køyreturen frå Svegatjørn til Rådal

• Vegen frå innslaget på Skogafjellstunnelen ved Svegatjørn til du køyrer ut av Lyshorntunnelen i Rådal er 11,8 km.
• Strekninga med ny veg er på totalt 17,7 km og skal gå som firefelts motorveg mellom Os og Fana.
• 14,7 av den 17,7 kilometer lange vegen blir i tunnel.

• Skogafjellstunnelen: 1,5 km
• Lyshorntunnelen: 9,2 km
• Mellom tunellane, Endelausmarka: 1,1 km

• I Endelausmarka kjem rasteplassar, kryss til ny fylkesveg til Lysefjorden (Åsen, Lyseklostervegen fv 163), og fleire store næringsområde, blant anna Lyseparken på rundt 500 mål.
• Prosjektet omfattar også ny fylkesveg frå kryss i Endelausmarka til Åsenvegen og utbetring av eksisterande fylkesveg 163 for cirka 40 millionar kroner.
• Lyshorntunnelen (9,2 km) kjem i nord ut i Rådal, med ei kort dagsone og kryssområde på 200 meter før den går vidare i 2,2 km lange Råtunnelen. Denne kjem i fjellet vest for dagens vegsystem ved Laguneparken. Ny vegline held fram til dagens riksveg 580 sør for Troldhaugtunnelen.

• Pris 6,5 milliardar kroner (2014 prisnivå), 40/60 bompengar/stat
• Byggestart 2015: Torsdag 3. september i Rådal (Implenia) og 1. oktober i Os (Veidekke).
• Opning: 2022

Statens vegvesen si samleside: E39 Svegatjørn - Rådal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.