Lokal | 02. nov. 2012

E39-rapport er utsett

Signe Eikenes frå vegvesenet svarer på spørsmål om rapporten, konfliktnivå og lokal makt.

E39-rapport er utsett
Signe Eikeset (innfelt) lager no ny rapport om dei to alternative traseane mellom Aksdal og Bergen, midtre og indre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. nov. 2012 07:47

Torsdag 1. november skulle Statens vegvesen vore klar med ein oppdatert rapport med kostnadskalkylar for dei to alternativa til trasé frå Aksdal til Bergen.

Årsaka til at samferdsledepartementet ville ha ny rapport er endringa frå eitt til to tunnellaup på vegstrekket, som er del av ein eventuell ny, ferjefri kyststamveg mellom Kristiansand og Trondheim.

– Det blei oppdaga feil i modellen vi reknar kostnadar med så rapporten blei utsett. No satsar vi på å få den klar før jul, seier prosjektleiar Signe Eikenes hos Statens vegvesen.

– Kva skal denne rapporten innehalda?

– Kostnadar, trafikktal og forventa trafikk, natur og miljø - og ein konklusjon, kva som er beste alternativ etter vår vurdering.

Brua er førebels venta å kosta mellom 9 og 20 milliardar kroner

– Som du sikkert oppdaga på folkemøtet i Søre Øyane torsdag 4. oktober er fleire osingar urolege for landingspunkt av ei eventuell flytebru frå Reksteren. Kva tenkjer du om det?

– Dette skal ikkje avgjerast no, vi jobbar berre med ei vurdering om vegen skal planleggast vidare. I etterkant kjem ein større planprosess og då kjem dette med eit eventuelt landingspunkt inn.

– Når det kjem til vurdering av konfliktnivå så har for eksempel kulturminne mykje å seia. Men kva med friluftsområde?

– Ingen stadar er garantert konfliktfrie, men nokre plassar, om det for eksempel er helleristingar, så vil vi definitivt halda oss vekke. Så kan det diskuterast om det er rett, men det er føringane vi har å gå etter.

Kva då, om midtre alternativ blir valt og det kjem bru mellom Reksteren og Os. Vil Os kommune kunna velja akkurat kvar denne skal i land, sjølv om dei vel eit dyrare alternativ enn det vegvesenet i utgangspunktet har anbefalt?

– Om dei har ein god grunn til å endra, og det ikkje blir urimeleg stor kostnadsauke, så kan dei justera ut frå det som blir skissa.

– Dobling av tunnellaup gjer at kostnaden for indre alternativ, som har 21 tunnellar mot midtre med 4, aukar mest i pris. Kva med tunnellar i Os, ved midtre alternativ? Det er jo av næringslivet på Stord skissa landing av bru med tunnel under Øyane, til og med tunnel som stuper rett i sjøen. Reknar de på ei bru som stuper i tunnel før brua treff land, eller tunnel under Øyane og inn mot dagens E39?

– Det kan eg ikkje svara på, det er uviss korleis det skal sjå ut ved landing av brua.

– De skal telja trafikken på nytt og rekna kostnadar på nytt. Kan de gjera dette utan å veta kor mange tunnellar det kjem i Os?

– Vi reknar på 4,5 km med tunnellar for midtre alternativ, men alt kjem ikkje i Os, nokre tunnellar blir det på Reksteren òg. Og vi reknar ikkje på tunnel som stuper rett i fjorden.

Det betyr at vegvesenet skal trekka konklusjon og koma med anbefaling kvar vegen mellom Stord og Os skal gå, ut frå kostnadar som ikkje inkluderer meir enn 2-3 kilometer tunnel i Os.

– Trur du lokalt engasjement betyr noko i denne saka, eller kastar aksjonsgruppa vekk tida si?

– Aksjonsgrupper har ikkje noko å seia for vår faglege vurdering. Men det er politikarane som skal bestemma, og når dei skal ta stilling til vår rapport og konklusjon så kan lokale synspunkt bli høyrt og påverka den vidare prosessen, seier Signe Eikenes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.