E39 stengt grunna trafikkuhell - omkøyring via Os sentrum

Sjåføren skal ha prøvd å svinga unna eit dyr i vegbana.

Trafikkuhell på E39. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 04. mars 2021 23:49

Klokka 23.48 kunne Vest politidistrikt melda på Twitter at det har vore eit trafikkuhell på E39.

«E39 er stengt mellom Moberg og rundkøyringa ved Uno X grunna trafikkuhell med tungt køyretøy. Skal ha køyrt i autovernet, ein del materielle skadar. Omkøyring via Os sentrum!».

Skal ha prøvd å svinga unna eit dyr

Til Midtsiden sin reporter på staden kan politiet fortelja at sjåføren av vogntoget skal vera prega av hendinga, men uskada. Vogntoget skal ha vore på veg nordover på E39, i retning Bergen.

Sjåføren skal vidare ha fortalt politiet at han prøvde å svinga unna eit dyr som var i vegbana, og hamna difor i midtrabatten med køyretøyet.

E39 er no stengd. (Foto: Ørjan Håland)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.