Lokal | 28. mars 2021

Bilførar funnen etter frontkollisjon på E39

Oppdatert: Vegen er opna att - politiet fann bilføraren dei leita etter.

Bilførar funnen etter frontkollisjon på E39
Trafikkulykke på Halhjemsvegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighsøndag 28. mars 2021 16:34

Bildeserie:

E39 var stengt i nesten ein time etter ulykka. (Foto: KVB)
E39 var stengt i nesten ein time etter ulykka. (Foto: KVB)
1 av 1
E39 var stengt i nesten ein time etter ulykka. (Foto: KVB)

Klokka 18.20 kom det melding om ei trafikkulykke på E39, Halhjemsvegen.

Det kom først meldingar om at tre bilar var involvert i ulykka - det er korrigert til to køyretøy.

Ulykka skjedde på Moberg, nær vekta, og E39 er stengt i begge retningar etter kollisjonen.

Dei involverte er ein liten personbil og ein maxitaxi. Drosjen var utan passasjerar.

Midtsiden sin mann på staden opplyser at ei ung kvinne blei frakta frå staden i ambulanse klokka 18.36.

Ho var bevisst då ho blei frakta vekk, og var passasjer i personbilen.

Ei ung kvinne blei frakta vekk i ambulanse etter ulykka. (Foto: KVB)
Ei ung kvinne blei frakta vekk i ambulanse etter ulykka. (Foto: KVB)

Førar stakk frå staden

BT.no melder klokka 18.40 at førar av personbil har stukke frå staden.

Politiet søker etter personen med fleire patruljar.

Oppdatert:

Klokka 19.28 kunne Vegtrafikksentralen vest melda at vegen er opna att.

Politiet gjekk etter ulykka ut og etterlyste føraren av den eine bilen, ein mann i 50-åra. Han skal ifølgje NRK.no no vera funnen, og frakta til sjukehus etter å klaga på smerter i hovudet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.