Lokal | 07. okt. 2010

Effektiv avskilting

Vegvesenet prøvde i dag ut dei nye skilt-lesarane sine i Os. Det resulterte i storfangst.

Effektiv avskilting
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. okt. 2010 12:23

Frå klokka 9 til 13.30 i dag, minus ein periode der dei utsendte frå vegvesenet hadde lunsj, har det blitt avskilta heile 7 bilar i Os.

- Vi har eigentleg hovudfokus på kontroll av bilbelte, men bruker samstundes dei nye apparata vi har fått, fortel Lars Harald Drange.

Rask skiltsjekk
Det nye systemet består av lesarar, som blir kalla kjenneteiknsgjenkjennarar, og ein database som lynraskt melder frå om bilen med kjenneteiknet har alt i orden.

- Om morgonen før vi skal ha kontroll lastar vi ned oppdatert liste inn på ein minnepenn. Databasen fortel om bilen for eksempel skulle vore på EU-kontroll, er meldt stolen, manglar forsikring eller av annan årsak skal avskiltast.

Dei to lesarane som er utplasserte sjekker framsida og baksida av bilen, i tilfelle bilen manglar skilt framme.

Storfangst
Vegvesenet har hatt kontroll i Os frå klokka 9 i dag, først på Byvegen ved Steinsenteret, så i Industrivegen.

- Til saman sju bilar er avskilta til no. Manglande EU-kontroll, manglande forsikring, utgåtte prøveskilt og tekniske manglar er blant årsakane, fortel Drange.

Dei har blant anna stoppa ein rumener som rett og slett hadde skrudd av bremseklossane på det eine hjulet.

- Vi fatta mistanke ut frå generell stand på bilen og rust på felgen.

30.000 i bilbelte-gebyr
Sjølv om kjenneteiknsgjenkjennarane har gjort dagen travel, har det også blitt tid til å sjekka bruk av bilbelte.

- Her har det også vore ein del syndarar i dag, og det har blitt ganske dyrt å ikkje bruka bilbelte.

10 blei tatt utan bilbelte i første del av kontrollen, 10 så langt i andre del, altså i Industrivegen.

Kvart gebyr er på 1500 kroner.

Nytt i år er at du må sjekka sjølv kor tid bilen din skal til EU-kontroll.
Her kan du sjekka kor tid din bil skal vera EU-godkjent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.