– Eg er glad eg prøvde

VIDEO: Midtsiden lokka Harald Lekven til å testa segway.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. apr. 2015 09:26

Bildeserie:

Fredrik i farta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Harald Lekven fekk full kontroll på segwayen etter kort tid. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Nokre kjegler blei flate, men Lekven fekk fort ein god svingteknikk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Dette var kjekt, eg er glad eg prøvde, seier Harald. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Også Fredrik Røttingen ville testa segway. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Han hadde sånn roen at han til og med stoppa for fotgjengarar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fredrik i farta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Harald Lekven fekk full kontroll på segwayen etter kort tid. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 6

Under vårsleppet i Os sentrum laurdag var Bergen Segway ny utstillar.

Vêret var dårleg, men fleire av dei få som møtte fram testa tohjulingane som blei lovlege frå 1. juli 2014.

– Det var faktisk kjempegøy, eg er glad eg prøvde, seier Harald Lekven etter ein testrunde i Landboden.

Like optimist var han ikkje då Midtsiden ba prøva, og verre blei det då den robuste politimannen fekk veta at han måtte ha sykkelhjelm på.

– Du driter meg godt ut no, meinte han.

Men Lekven meistra den motoriserte tohjulingen bra. Rett nok blei ein del av kjeglene i løpa klemt flate, men han fekk fort øvd inn ein god svingteknikk.

– Ser byen på ein annan måte

Marie Blokhus frå Bergen Segway fortel at det var mannen hennar Alexander Blokhus som saman med to andre starta segway-selskapet med det same kjøretøyet blei lovleg i Noreg.

– Vi driv ikkje med sal, berre utleige, fortel Marie.

– Vi kjører guida turar i Bergen, der tilreisande og innbyggarar i Bergen får sjå byen på ein litt ny måte.

Turane er på to timar inkludert innføring på kjøreteknikk. Trafikkreglane på tohjulingane er som for andre tohjulingar, altså sykkel.

Kundane er alt frå turistar til utdrikkingslag og firma som vil gjera noko nytt saman.

– Vi har sju for utleige, men vurderer å utvida. Kvaliteten er god og vi har ikkje hatt noko tull med nokre av dei. Interessa er også stor og det blir god stemning både hos dei som kjører og publikum når desse kjem trillande, seier Blokhus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.