Fotball | 18. okt. 2020

– Eg er meir skuffa enn glad

Vegard Leikvoll Moberg skåra i comebacket, men kampen blei Bodø/Glimt sitt første tap.

– Eg er meir skuffa enn glad
Vegard, her etter kamp for Glimt mot Åsane i 2017, skåra i comebacket i går. (Foto: Trond Gausemel, Hordalandsfotball)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. okt. 2020 08:10

I starten på oktober kom osingen Vegard Leikvoll Moberg tilbake til Bodø etter ni månadar i danske Silkeborg.

Etter to gode veker med landslagspause kom første serierunde, og Vegard spelte høgre indreløpar frå start borte mot Molde i det som var hans 78. kamp for Bodø/Glimt sitt A-lag.

– Bodø/Glimt hadde, for første gong denne sesongen, ein del skadar og karantene. Det er nok det som gjorde at eg fekk speletid frå start eit år etter sist eg spelte for dei, seier «Leik» til Midtsiden.

To spelarar var skadde, to andre sona karantene etter kort.

Moberg og resten av serieleiarane tok leiinga i 30. minutt, men Molde utlikna to minutt seinare, gjekk opp i 2-1 før pause og auka til 4-1 før Vegard blei spelt fri, venta ut keeper og reduserte til 4-2 i 62. minutt.

– Det var sjølvsagt kjekt å skåra i comebacket, eit drygt år etter sist eg skåra for Bodø/Glimt, men eg er meir skuffa enn glad. Måla imot kom for enkelt.

Vegard si skåring gav dei gule og svarte litt håp, men ikkje nok.

– Hadde vi fått eit mål til, ville det verkeleg tatt fyr. Men vi klarte dessverre ikkje å reisa oss heilt igjen, fortviler Eliteserie-spelaren frå Os..

– Tabbekvoten vår blei brukt opp i kveld, seier Glimt-trenar Kjetil Knudsen til VG.

– Ei unik kjensle av å koma heim

Glimt slo Sandefjord 2-1 i førre runde, dagen Vegard kom tilbake etter 11 kampar på ni månadar i Danmark.

– Det blei veldig einsamt i Silkeborg. Grunna korona var det berre tre av dei ni månadane eg budde der nede kunne eg få besøk.

Han skildra det å landa på Bodø lufthavn som ei svært god oppleving.

– Eg trur eg aldri før har hatt ei sånn kjensle av å koma heim, inkludert heimreiser til Os. Det er godt å vera i Noreg igjen, og godt å vera i Bodø, seier Vegard, som i dag får familie på besøk i nord.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.