Kultur | 26. des. 2011

- Eg fekk draumejobben

Janne Mari Hjelle er det blide ansiktet du oftast møter når du kjem til Oseana. Trekvart år i jobben har gjeve meirsmak.

- Eg fekk draumejobben
Janne Mari Hjelle i Oseanasalen før turen gjekk heim til Nordfjordeid og julefeiring med familien (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 26. des. 2011 08:44

Som kulturhusvert i Oseana er det hennar oppgåve å ta imot besøkande og artistar som kjem til huset.

- Eg kan ikkje tenkja meg ein meir variert og spennande jobb enn dette. Dette er draumejobben eg ikkje trudde fantes, smiler Janne Mari i ein stille foajé berre dagar før juleferien tar til.

Og at det skal bli godt med ferie legg ho ikkje skjul på. Lange dagar meir eller mindre samanhengende frå mars har tatt på.

- Det blir fort både seksten og atten timar når vi har arrangement. Det er mykje som skal riggast opp og ned for at gjestane skal få den gode opplevinga dei kjem her for.

- Men eg jobbar saman med ein fantastisk gjeng som har så mykje gøy saman at timane berre flyg, fortel Janne Mari om den vesle, men effektive administrasjonen på fire personar.

Dei viktige frivillige

Ein annan gjeng kulturhusverten trekk fram er dei om lag 30 frivilljuge som stiller opp som billettørar, parkeringsvaktar, vertar og handlangarar når det trengs.

- Dei må du berre skryte av. Dei gjer en fantastisk jobb for å huset skal gå rundt.

Dei fleste av dei frivilljuge har vore med sidan opninga 17. juni og har vore med på å forma huset og opplevinga gjestane får.

- Dei veit akkurat kva som må gjerast og tar ansvar når dei ser at det trengs. At dei har engasjement og følelse for huset er det ikkje mykje tvil om, smilar Hjelle.

Bratt læringskurve

Hjelle er utdanna norsklærar med informasjon og kulturformidling i fagkretsen.

- Då eg søkte, og fekk jobben, var eg framleis student og skulle avslutta studiane. Samstundes skulle eg vera med på å få huset klart til opninga.

- Det blei travle dagar og ei bratt læringskurve, men eg er glad et kom inn allereie i mars og ikkje venta til etter at eg var ferdig med eksamen. Det trur eg ikkje hadde gått.

Blei knallvêr

Saman med direktør Kim Kristoffersen, arrangementssjef Berit Steen og teknisk sjef Kjetil Moberg måtte ho læra seg alt om korleis huset fungerte både praktisk og teknisk. I tillegg skulle opningsveka planleggast og fyllast med innhald.

- Eg må innrømma at eg var spent den siste tida før opninga. Vêret var dårleg, tida var knapp og det var mykje som skulle på plass.

- Men så kom 17. juni med knallvêr og nesten 5000 besøkande innom dørane den første helga. Det var ei fantastisk oppleving.

- Kor lenge kan eg låne dei?

Det har vore mange opplevingar og episodar å tenkje tilbake på etter eit halvt års drift.

- Den første veka hugsar eg ikkje så mykje av. Då gjekk vi mest som i ei boble alle saman, smiler kulturhusverten.

- Men av dei tinga du hugsar då, kva er det mest spesielle spørsmålet du har fått?

- Tja, eg veit ikkje heilt, seier Hjelle og trekk på det.

- Det er kanskje gjesten som kom og lurte på kor lenge han kunne låna delar av utstillinga vi hadde i hvelvet under opninga. På nokre av objekta hadde vi nemleg skreve «Til utlån» og han trudde difor at han kunne låna det med seg heim.

- Greia var at nokre av tinga var for sal, medan andre hadde vi fått låna frå eigaren og desse hadde vi merkt på denne måten, forklarar Hjelle.

Kjenner på steminga

Når Midtsiden lurer på kva arrangement ho sjølv tykkjer har vore det beste trekk ho på det. Ho har ikkje lyst til å nemna eit einskilt arrangment.

- Noko av det beste eg gjer er å snika meg inn på galleriet i det ei framsyning skal starta og kjenne på den forventninga og stemninga som ligg over salen. Den er ubetaleleg.

Etter litt press frå journalisten klarer vi likevel å få Hjelle til å fortelja om ein favoritt.

- Det må bli då vi hadde Ole Ivars her og dei spelte for PU-Hordaland. Den gleda vi hadde her då var heilt fantastisk. Då kokte det i salen.

- Prøv noko nytt

Jula feirar Hjelle heime i Nordfjordeid saman med familien.

- Det skal bli godt og kome heim og vera saman med familie og venar, seier Janne Mari.

- Eg skal ikkje spørre kva du ønskjer deg til jul, men kva ønskjer du deg for Oseana i året som kjem?

- Det må bli at osingane held fram med å bruka huset sånn som dei har gjort i haust.

- I tillegg håper eg at dei tørr å gå på framsyninger dei i utgangspunktet tenkjer ikkje er for dei. Kanskje kan dei få ei god oppleving av noko dei ikkje visste dei likte. Og viss dei ikkje liker det, så har dei i det minste fått prøva noko nytt, avsluttar Janne Mari Hjelle med eit smil.

Vårprogrammet for Oseana blir lansert i Griegsamlinga 7. januar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.