Næringsliv | 28. nov. 2019

– Eg har alltid hatt problem med å kasta blomar

Interflora på AMFI har fått innpass på matsvinn-appen Too Good To Go.

– Eg har alltid hatt problem med å kasta blomar
Då ho gjekk i læra tok ho ut-sorterte blomar med seg heim. No kan andre ha glede av det som nesten er godt nok for butikkutstillinga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. nov. 2019 08:16

Den danske ideen frå 2016, om ein app som organiserer sal av restar frå matbutikkar og bakeri, fekk raskt fotfeste i blant anna England og Noreg.

«Gi overskuddsmaten din verdi» er slagordet, målet er å redusera matsvinn ved at butikkane legg ut restane sine for sal til redusert pris med avtalt hentetidspunkt. I Noreg er 1.749 butikkar og spisestadar med i appen, som har passert 900.000 kundar.

I Os kan du kjøpa ferske overskotsvarer frå Baker Brun, Liens, Meny og 7 Eleven. No har ein butikk som ikkje sel mat blitt del av sortimentet i Os.

– Vi sel jo ferskvarer vi òg, seier butikksjef på Interflora på AMFI Os, Mona Sørstrønen Holko.

– Eg hadde høyrd at det var nokre hagelag på Austlandet som var med på Too Good To Go, og blei veldig godt mottatt då eg kontakta administratorane av tenesten i Noreg.

Tok «rare» bukettar med seg heim

Måndagar og torsdag kjem nye varer til butikken. På kvelden blir ting sett på kjøl, kvar morgon er det nøye gjennomgang av varene før dei blir plasserte ut i butikken.

Mona seier bransjen frå før gjer sitt ytterste for å unngå å selja blomar som ikkje lenger tar seg bra ut i utstillinga.

– Det er naturlegvis dei skorne blomane som står i fare for å hamna i bosset, men vi kastar ikkje ein heil bukett om 2-3 blomar har byrja å falma. Vi kan ta ut nokre friske og fine og setja saman med noko anna.

– Samtidig skal vi levera kvalitet, så vi må vera nøye. Men det er mykje som kan pynta heimen nokre dagar sjølv om vi har vurdert dei som på veg ut av butikkutstillinga.

Heilt frå ho gjekk i lære har ho hatt problem med å kasta blomar. Der læremeisteren sorterte ut dei som hadde vakse seg skeive, redda Mona dei frå bosspannet ved å setja dei saman og ta dei med heim.

Gode karakterar

Naboen over gangen, Baker Brun, har brukt Too Good To Go sidan årsskiftet 2016-2017.

– Det fungerer godt hos oss. Vi har normalt rundt fire posar per kveld som vi legg ut for sal, og desse blir som oftast selte. Det er bra at fleire blir med i appen, synest butikksjef Therese Hegrestad.

Posane kostar 39 kroner og inneheld varer verdt 140 kroner. Tilsvarande er det hos Interflora, med pris på 49 kroner og verdi på 150 kroner. Varene får verdi, kundane får solid rabatt, butikken tener litt på overskotsvarene og appen får inn ein fjerdedel av summen.

– Vi har halde på med dette i cirka ein månad no, og har dei fleste dagane hatt noko å legga ut for sal. Kundane ser òg ut til å vera nøgde. I appen kan dei gi karakter til varene dei får, og vi har eit snitt på 4,8 av 5.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.