Kultur | 24. sep. 2010

- Eg kan betre

Richard Myhre Gåssand var blant dei siste 50, men så rauk han ut av X-Factor.

- Eg kan betre
Richard Myhre Gåssand
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. sep. 2010 23:55

Torsdag 9. september fekk vi sjå osingen Richard Myhre Gåssand (17) få heile salen med seg då han var på X-Factor-audition i Forum på Danmarksplass.

Richard gjekk vidare frå første runde, som blei spelt inn i mai, og var blant dei 100 deltakarane som møtte opp i Oslo helga 6. til 8. august for neste opptak.


Dette blei vist fredag kveld, utan at vi fekk sjå noko til Richard, som ikkje var blant dei 24 som gjekk vidare. Men han var med etter første sortering, der halvparten blei sendt heim.

- Eg song ei låt av norske Jørn Lande som heiter «Duke of Love». Lande er blant anna kjent for låta «Alt for Norge», fortel Gåssand.

- Framføringa er eg ganske nøgd med, men samstundes veit eg at eg kunne gjort det betre. Det var ikkje så ille å ryka ut likevel, eit år med øving kan vera greit det no.

- Så det kan bli aktuelt å melda seg på igjen i 2011 eller seinare, om det blir fleire sesongar?

- Planen er å satsa på musikk og det kan godt henda at eg stiller opp i X-Factor eller liknande komkurranse seinare, seier Richard, som har Heidi Tronsmo frå Opera Omnia som songpedagog.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.