Lokal | 30. juli 2014

– Eg kjem kanskje tilbake

Mike blei sendt vekk frå Bergen etter å ha kryssa Atlanterhavet åleine. Men i Os fekk han hjelp.

– Eg kjem kanskje tilbake
Mattelæraren Mike om bord i seglbåten sin i Os hamn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. juli 2014 07:20

Før helga låg amerikanaren Mike Ward til kai i Os hamn. Årsaka var at han, grunna Tall Ship Race, ikkje fekk ligga til kai i Bergen medan han venta på ein del til kjøleskapet om bord i båten.

– Men her ligg eg godt! Herregud! eg ligg jo og ser rett i ein isbre, kva meir kan du ønskja deg?

I Os fekk han hjelp av hamnevert Tove Tvedt Skarstein, butikken hennar fungerte som mellomlanding for den bestilte delen frå England.

28 dagar åleine over Atlanterhavet

Mike, som kjem frå Cincinnati i Ohio, har seglbåten sin liggande på auskysten av USA. Derfrå har han segla åleine til Europa.

– Eg hadde tre kameratar med meg til Bermuda, men så kryssa eg Atlanteren åleine.

– Av 28 dagar hadde eg 25 dagar med anten vindstille eller vanskeleg motvind. Det blei ein forferdeleg tur til vestkysten av Storbritannia, men eg angrar ikkje.

Menyen besto i stor grad av boksmat, ris og nudlar. Søvn blei det lite av, rundt to timar i slengen, med alarm stilt inn om nokon skulle koma innanfor radaren.

Store flokkar med delfinar

Han møtte i snitt éin båt for dagen på reisa, 6 til 8 gongar var båtane nær nok til at dei tok seg ein kort prat over radioen.

Det som gjorde mest inntrykk var dei cirka ti gongane han møtte store flokkar med delfinar.

– Det var rundt 30 i slengen, og det var akkurat som du har høyrd om, dei følgjer båten, hoppar og leikar seg.

– Og dei vaksne passar på ungane og skultar dei vekk så ikkje dei skal hamna under båten. Det var heilt magisk!

Mattelærar på permisjon

Ward jobbar som lærar i matematikk på high school. Han bruker ferien sin, og eit år med permisjon, på den lange turen i seglbåten sin, og fortel at han er ugift og fri, utan ungar som uroar seg for at han er på tur.

– Eg kom til Noreg for tre veker sidan. Ein venn av meg kom med fly til Oslo og blei med meg på turen rundt Sørlandet. Reisa oppover Vestlandet var utruleg flott og Espevær er den finaste plassen eg til no har vore innom.

– Men eg liker meg veldig godt her i Os òg. No skal eg ein tur innover Hardangerfjorden, så går turen vidare til Shetland, Orknøyene, Portugal, Spania, Kanariøyene og over til Karibien.

– Kanskje stoppar eg i Os på veg ut Hardangerfjorden og får med meg festivalen de har til helga, sa Mike, veka før Osfest.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.