Næringsliv | 06. sep. 2019

– Eg ønskjer å halda fram i same bransje

Kroken på døra: Bomobil dobla omsetnaden på eitt år, men veksten kosta.

– Eg ønskjer å halda fram i same bransje
Eventyret er over for Bomobil. Vi møtte Tor Egil Myksvoll i den stengde butikken i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. sep. 2019 08:11

Bomobil AS blei i førre veke slått konkurs.

– Det kosta å veksa, i tillegg har marknaden stagnert og konkurransen auka, seier gründer og eigar Tor Egil Myksvoll.

Sterk start og god vekst

Selskapet auka omsetnaden frå 20,2 til 41,1 millionar i omsetnad frå 2014 til 2015. I 2018 vaks den til 48,4 millionar kroner, men Myksvoll seier han var meir lykkeleg som liten.

– Eg starta i mai 2011, og gjekk med overskot til og med 2013. I 2013 dobla vi bemanninga frå éin til to, og det gjekk fint.

• Les òg: – Eg har vore heldig (2011)

Men med veksten følgde behov for auka bemanning, meir utstyr, større utval i utstillinga og auka risiko.

– På det meste var vi 8 tilsette og selte 80 bubilar og campingvogner i året, omtrent like mange av kvar. Men sel du ein bubil til 900.000 og tar ein til 600.000 i innbyte, så krympar ikkje varelageret. I tillegg er det venta at du tar inn siste nytt frå sesong til sesong, forklarer Myksvoll.

• Les òg: Trur på eit rekordår (2017)

Etter 2013 gjekk Bomobil med nokre hundre tusen i underskot. I 2017 blei det negativt årsresultat på 767.000, dette auka til 3,2 millionar i minus i 2018.

Auka konkurranse

Då han starta var det 6-7 bubilforhandlarar i bergensområdet, no er det 12.

– Dei siste åra har det vore tøft.

– Omsetnaden har vore høg, men det har vore vanskeleg i driva med overskot. Med auka konkurranse har også prisane gått ned.

– Ei fin tid i eit fantastisk miljø

Bomobil-gründeren er sjølv ein stor fan av campinglivet, å setja seg i bubilen for korte og lange turar så ofte han kan. Det er tydeleg at han tar konkursen tungt.

• Les òg: Verdien av dei små turane (2015)

– Det er ikkje berre bubillivet eg liker, eg liker jobben, å snakka med andre som har sans for det same, å hjelpa dei å finna rett bil eller vogn, og å yta så god service som mogleg om noko må fiksast.

– Det har vore eit livleg miljø her i butikken, med kundar som har kome innom berre for å prata, eller for å ta med seg nye kundar til meg mens dei sit i sofaen og drikk kaffi. Etter at det blei kjent at alt er over, har det kome mange fine helsingar. Det set eg stor pris på!

– Eg har ei tung tid no, men det å gå gjennom lager og papir med bustyrar og takstmann var faktisk ei oppmuntrande oppleving. Dei var hyggelege, uformelle og oppmuntrande. Når det formelle er over vil eg sjå framover, og sjå om eg får halda fram i bransjen på eit eller anna vis.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.