Lokal | 27. apr. 2009

- Eg ramla

Her fortel Rodman-skipperen kva som gjekk gale sundag.

- Eg ramla
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. apr. 2009 10:49

I går skreiv vi om båten til 7 millionar kroner som gjekk på Laksaholmen og til slutt søkkte til botn.

Les ògFekk kjeft - gjekk på land

Midtsiden.no har snakka med føraren av båten, som er den same som vi tidlegare på dagen var i kontakt med i høve høg fart forbi butikken i Søre Øyane.

- Eg var på veg til Bergen frå Os, og kjørte på sakte gjennom sundet mellom Teineholt og Leiholmen, eller Munkholmen som mange kallar den. Så la eg båten på plan.

På veg ut mot Krossfjorden, med god avstand frå land, skulle båtføraren strekka seg etter eit draft.

- Då ramla eg ned trappa til lugarane. Truleg var eg vekke ei stund, for då eg kom meg på beina og opp igjen i styrhuset, var eg to meter frå land. Eg prøvde å svinga unna holmen, men det var for seint.

Hjelpa kom etter 15 minutt
Båten blei ståande delvis oppe på holmen. Mannen kom seg på land og sendte sjølv mayday-melding.

- Det var imponerande kor raskt redningsskøyta var på plass. Eg trur det berre gjekk eit kvarter før den var framme. Å stå åleine på holmen var ikkje kjekt, så eg var glad for selskap og hjelp.

Bølgjene tok båten av land, og pumpene til KV «Tor» og redningsskøyta «Bjarne Kyrkjebø» klarte ikkje å lensa båten nok til å halda den flytande.

Har papira i orden
Båtføraren er litt mørbanka, men kom frå episoden utan skadar. Han seier at han heller ikkje ventar å få problem med å gjera greie for seg etter uhellet med den eksklusive båten.

- Det var ei forferdeleg oppleving å gå på land. Men det går bra med meg, og eg har papira i orden. Båten er over 20 meter, så då treng ein sertifikat for fritidsbåt for å kjøra. Og det har eg, seier den uheldige båtføraren.

Han legg til at han kjørte heilt på sakte forbi Vedholmen Landhandel på veg tilbake frå båtturen på Os ...



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.