Sport | 15. juni 2014

– Eg var svinheldig

Han var heldig med både trekninga og fisket, Per Olaf Tangen, som fiska i sone 2 då sesongen i Oselvo opna i natt.

– Eg var svinheldig
Per Olaf Tangen (t.h.) og Christian von Essen Pedersen veg terten Tangen tok litt før klokka eitt i natt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. juni 2014 06:58

Bildeserie:

Sone 0 og 1 hadde vakthald og ingen fiskarar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sone 0 og 1 hadde vakthald og ingen fiskarar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Regnet som kom onsdag gjorde at det var greit med vatn opningsnatta.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Regnet som kom onsdag gjorde at det var greit med vatn opningsnatta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tangen og Pedersen tok ein liten pause.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tangen og Pedersen tok ein liten pause. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det er observert bra med laks fleire plassar i elva.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det er observert bra med laks fleire plassar i elva. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 4

Natt til søndag opna årets sesong i Oselvo.

Mykje stor fisk har vore observert både i Os hamn og oppover i elva før opninga, og regnet som kom onsdag var med på å gjera elva brukbart stor.

Sone 0 og 1, som i år er slått saman, var utan fiskarar. Men i populære sone 2 sat Per Olaf Tangen og Christian von Essen Pedersen og tok seg ein pause.

– Eg fekk ikkje deltatt på medlemsmøtet der dei trekte fiskekort opningsnatta, men gav fullmakt til ein kamerat og fekk sone 2.

– Det er lenge sidan eg fiska opningsnatta, så eg har vore svinheldig, seier Tangen.

Litt fiskelykke hadde han og, litt før klokka eitt drog han første fisk på land, ein tert på 1,6 kg.

Første laks i kremretten?

Litt seinare, klokka 01.10, skal første laks ha blitt tatt.

– Eg skal opp å vega den no, og sjå om det er tert eller laks, skriv Ole Vidar Søviknes.

Fisken viste seg i vera litt for lett til å bli kalla laks, Kjell Huseth, som fiskar saman med Johannes Sandvik, fekk ein tert på 2,9 kilo i Spongo kremretten

På nettsida hans, prohd.no, kan du sjå bilde av fisken og eventuelle andre fiskar tatt seinare opningsnatta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.