Kultur | 28. feb. 2012

Eggum, Sivertsen og Dylan

Utseld konsert gjev ekstraframsyning med Eggum og Sivertsen, men først kjem Dylan til Oseana på laurdag.

Eggum, Sivertsen og Dylan
Jan Eggum og Halvdan Sivertsen kjem med to konsertar i Oseana i juni (pressefoto)
Andris Hamretysdag 28. feb. 2012 09:16

Jan Eggum og Halvdan Sivertsen er i vinden som aldri før. Som to av dei folkekjære artistane i TV2-suksessen "Hver gang vi møtes" har dei blitt kjende for eit enno breiare publikum enn tidlegare. Allereie før programmet tok til var det klart at dei to herrane ville legge turen til Oseana 9. juni.

- Salet av billettar til konserten med dei to gitarkameratane Jan Eggum og Halvdan Sivertsen har gått strykande, og vi er praktisk talt utselde, fortel direktør Kim Kristoffersen.

Managementet for dei to har difor satt opp ein ekstrakonsert på Oseana klokka 18, same kveld.

- Vi er veldig glade, både for at salet har vore så bra, og ikkje minst for at dobbelt så mange no får sjansen til å få med seg denne konserten, seier Kristoffersen.

Dei to legg ut på ein turné over hele landet 13. mars med tur innom mellomanna Elverum, Oslo, Trondheim og Haugesund før dei kjem til Os i juni.

Blod på spora

Før dei to gitarkameratane kjem, får du sjansen til å oppleve Bob Dylan sine songar frå scena i Oseana. Laurdag 3. mars kjem Tom Roger Aadland med låtar frå det kritikerroste albumet "Blod på spora" kor han har omsatt Dylan sine tekstar til nynorsk.

- Lik du Dylan trur eg du kjem til å elska desse versjonane, seier Janne Mari Hjelle på Oseana.

Ho beskriv Aadland som ein dyktig visesongar som formidlar Dylan sine tekstar på ein ærleg og tru måte. Før Aadland fekk lov til å spele inn plata måtte dei omsette tekstane skrivast ordrett tilbake til engelsk for å bli godkjend av Dylan sitt management.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.