Kultur | 27. juni 2009

Ei dampande helg!

Etter ein fantastisk fredag held Osøren Blues & Jazzfestival fram med ein fullstappa laurdag - både på bryggene og i Vognhallen.

Ei dampande helg!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 27. juni 2009 17:28

Bildeserie:

1 av 5

- Dette er nok rekord i tilreisande publikum, seier festivalsjef Gunnar Nagell Dahl til midtsiden.no. Fredag låg det tett i tett med små og store båtar på begge sider av hamna, berre utanfor Oselvarnaustet låg det to rekker, kvar med fire-fem båtar i 40 fot+ i storleik. Konsertane på Kaien og i Vognhallen fredag hadde god konkurranse i hovudtrekkplasteret Vamp laurdag, men fekk godt med publikum. - Artistane leverte noko heilt utruleg, det var ei fantastisk stemning. ORBO var dessutan i storform også laurdag, då han sto for musikken under ei flott opning av Telthusplassen i Os sentrum. Nær alle dei 1400 billettane til laurdagskvelden i Voghallen er selt. I tillegg blir det mykje folk både på Kaien og på eksotisk jazz i Visningssenteret. Etter det som ligg an til å bli ein dampande laurdag på Os rundar festivalen av med konsert i Os kyrkje sundag. Midtsiden-redaksjonen er på fotballcup i Sogndal, men har fått Olav Skorpen til å fanga delar av stemninga fredag. Her er nokre bilde frå den gode starten på festivalen:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.