Varaordførar Marie L. Bruarøy hadde ikkje problem med å sjøsetja prosjektsjef Halvor Hanevik sin kajakk på den nye rampen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ei gåve til padlarar og surfarar

Os kommune har bygd platting og rampe ved bubilparkeringa på Steinneset.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Før påske i år blei ny bubilparkering med 9 plassar opna på Steinneset i Os hamn.

Plassen har vore flittig brukt gjennom sommarhalvåret, også av osingar, som har tatt seg eit stovebyte ved sjøen, på den solrike plassen nær sentrum.

– Vi gler oss over å sjå at både tilreisande og innbyggarane våre har auka glede av området etter at det blei oppgradert, og no har vi med eit enkelt grep fått på plass endå eit tilbod, seier varaordførar Marie Lunde Bruarøy (H).

I dag blei ho med prosjektsjef Halvor Hanevik, som hadde tatt kajakken sin med på jobb, for å testa den nye rampen.

Ein platting for klargjering - eller konsert

På parkeringsplassen, ved entreen til moloen, er det bygd ein treplatting med benk.

– Det er greit å kunna legga frå seg kajakken eller surfebrettet på treverk i staden for stein. Her er det plass til at fleire kan ta klargjering av båt, brett eller utstyr på same tid, seier Halvor.

– Plattingen kan gjerne også brukast til andre ting, det er ein fin plass å sitja, eller å stå, om du vil halda ein minikonsert.

Enkel sjøsetjing

Spaserturen er kort frå plattingen til rampen, der varaordføraren lett sjøsette og tok opp igjen kajakken på eiga hand. Trinn av stein gjer det enkelt å stiga om bord, anten det er flo eller fjøre.

– Eg trur det er ein del som har sakna dette, eg har sett folk som går utpå via slippen ved Oselvarnaustet. Då blir du fort våt på beina, seier Bruarøy.

– Rampen er her for både surfarar, stå-padlarar og andre som kan ha nytte av den. Men den er ikkje meint å rutsja i, då kan du få flis i skinka, åtvarar Hanevik.

Låg kostnad - høg verdi

Det er Dørmænen & Eide, som har rammeavtale med Os kommune, som har bygd plattingen og rampen.

– Kostnaden er låg, men eg trur installasjonen vil ha høg verdi for dei som bruker den.

To-tre naboar kom for å sjå på plattingen mens Midtsiden var og tok bilde. Dei seier dei synest det er kjekt at fleire no har glede av plassen, men undrast litt over at det fine arbeidet med treverk tilpassa steinmoloen, er gjennomført rundt ein lyktestolpe som stå skeivt.

– Vi prøvde å retta på den, men den står bom fast. Vi veit heller ikkje kven som eig den. Men om den skal rettast opp så er det berre til å skru laus to bord, det er ein enkel operasjon, seier tømrarane på staden.

Dei starta fredag og tok ferdigstilling i dag.

– Det har vore godt å stå ved sjøen å jobba i finvêret, og å jobba med treverk, vi som bygger så mykje med gips, seier dei to.

 

Fleire saker