Ei god helg for Eirik Søfteland
Først fekk Sipher terningkast 5 i BT for singelen Atlas, så var det ståande applaus på TV2.
Eirik Strønen Søfteland sitt band, som med bandet no rettar seg til publikum med namnet Sipher, ga i starten på mars ut singelen «Atlas».
«Atlas er en smart og mektig låt, spekket med deilig svulstige melodilinjer, kløktige brudd og majestetisk oppbygging» skriv Petter Lønningen i BT.
Det er tydeleg at han har sans for både stilen og gjennomføring til Søfteland med band.
«Sipher er progrock av den bredbeinte sorten: dette er et band som forsøker å låte større enn livet selv – og som lykkes langt på vei.»
Framleis favoritt på TV2
Laurdag kveld var Eirik på scenen i tredje episode av «Århundrets stemme».
80-talet var tema og Eirik framførte Bon Jovi-låten «Livin' on a prayer».
Osingen er ikkje berre vidare, han har ifølgje TV2 vore favoritt i runde etter runde.
I går var det Guri Schanke som rauk ut.
Eirik har lovd å visa mjukare sider av seg sjølv seinare i programmet.
– Vi skal visa musikk frå heile århundret. Eg kan ikkje koma skrikande inn på scenen når vi skal synga låtar frå 30-talet, seier Søfteland til TV2.
Neste laurdag er det 50-talet som skal hyllast.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.