– Ei gøy og lærerik finalehelg
Bildeserie frå Brun og Blid-finalen: Linn Beate Riley kjempa om kontrakt verdt 500.000 kroner.
Bildeserie:
Torsdag 3. mai blei Linn Beate Riley frå Os stemt fram som ein av ti finalistar i det som blir kalla Noregs største modellkonkurranse.
Laurdag 2. juni var det finale på Scandic Ørnen i Bergen. Dei 10 deltakarane, 3 gutar og 7 jenter, kjempa om modellkontrakt på inntil 500.000 kroner, mens 2. pg 3.plass fekk 10.000 og 5000 kroner.
– Eg nådde ikkje opp til topp 3, men det blei ei veldig kjekk og lærerik helg, seier Linn Beate.
1. plassen gjekk til Thea Bull frå Tjodalyng, mens Elisabeth frå Granvin og Caroline frå Oslo tok 2. og 3. plass.
God støtte i salen
For deltakarane starta helga fredag.
– Vi skifta til Brun og Blid-klede og reiste rett på Fløyen for photoshoot. På kvelden var vi rundt 40 personar til middag, fortel Linn Beate.
Finaledagen starta klokka 8 neste morgon. Etter frukost på hotellet var det rett i salen for å øva koreografi.
– Eg synest vi blei ganske flinke til slutt, og sjølve finalen med publikum gjekk kjempefint. Eg og Kim, som er frå Askøy, hadde mange gjestar i salen og det skapte god stemning.
Kim landa på 4. plass.
Akkompagnert av Maya
Til innmarsj var Linn Beate òg litt på heimebane, Maya Vik frå Os, som nyleg gav ut rap-låt, sto for musikken.
Finalen heldt fram med kort presentasjon og intervju med deltakarane og ein runde på catwalk i badetøy og i finklede.
I pausen var det Alexandra Joner som spelte.
– Eg er glad for at eg deltok, og for all støtta eg fekk både på veg til finalen og i helga! seier Riley.
Allereie førstkomande helg skal ho på neste modelloppdrag med sitt eige byrå, Riley 6, som skal stilla med to til fire modellar i Speedball.Club sitt Bergen Cannonball Run.
– Kan du bruka noko av det du lærte i helga vidare i modellkarriera?
– Det er ikkje ofte vi går på catwalk, men kan nok ta med meg litt, som det vi hadde om sminke og koreografi.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.