Næringsliv | 19. jan. 2021

Ei heilt spesiell møbel-levering

På fredag fekk Luranetunet den store julegåva frå Bohus.

Ei heilt spesiell møbel-levering
Nøgde tilsette og bebuarar prøver ut dei nye møblane frå Bohus. (Foto: privat/ Bohus)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 19. jan. 2021 09:40

I vekene fram til jul køyrde Bohus, som mange andre, ein adventskalender på sosiale media. Denne skilde seg ut med ekstra store premiar.

Publikum kunne ved hjelp av hjarte- og likarteikn stemma på kven dei meiner fortente å vinna ei stor julegåve frå møbelkjeda.

Kvar sundag gjennom adventstida kåra Bohus ein vinnar, og finalistane blei valde via nominasjonar frå Bohus sine kundar.

I konkurranse med Sunde sykehjem i Stavanger, blei det til slutt Luranetunet bu- og behandlingssenter som vann møblar for 55.000 kroner.

– Eg må seia eg er overvelda over responsen vår nominasjon fekk, sa nytilsett einingsleiar ved Luranetunet bu- og behandlingssenter, Åslaug Brænde, då ho fekk høyra at Luranetunet hadde vunne.

Kjekt å endeleg få levera premien

I desember fortalde driftssjef i Bohus, Harry Skage, at når vinnarmøblane kom frå lager i Oslo, ville dei grunna koronasituasjonen, først bli monterte på Bohus i Kolskogen, før dei dei så ville bli levert til Luranetunet.

På fredag var det endeleg tid for ei heilt spesiell levering.

Med på å levera, og til bera inn premiane, var Skage og butikksjef, Renathe Ravnskog.

– Det blei ei kjekk levering på fredag, og det var tydeleg at både tilsette og brukarar sette stor pris på besøket, fortel Skage.

– Å få byta ut velbrukte og slitte stoler og sofa med to Prince elektriske kvilestolar, ein Cara 3+2 setar med bord, og i tillegg diverse pynteputer og lampe blei sjølvsagt feira med kaffi og kaker.

Butikksjef Renathe Ravnskog og driftssjef Harry Skage frå Bohus i full leveringsmodus på fredag. (Foto: privat/ Bohus)
Butikksjef Renathe Ravnskog og driftssjef Harry Skage frå Bohus i full leveringsmodus på fredag. (Foto: privat/ Bohus)

– Ei perfekt og sårt etterlengta gåve

Nestleiar ved Luranetunet bu- og behandlingssenter, Hilde Karin Storum, fortel at premien er mottatt med stor glede.

– Det gler oss stort å sjå engasjementet, og kor mange som stemte på oss i denne julekalenderen til Bohus.

– Buavdeling 1, som no fekk premien inn i stova si, er faktisk den einaste avdelinga som ikkje har fått fornya møblementet dei siste åra. Så denne gåva var sårt etterlengta og til stor glede for både tilsette og bebuarar.

Ekstra spesielt for Os-avdelinga

Skage fortel at det for Os-avdelinga til Bohus i tillegg er ein ekstra grunn til at det var spesielt å få gje denne gåva til nettopp Lurantunet.

– Einar Engelsen senior, Bohus sin eigen gründer, tilbragte sine siste leveår på Lurantunet.

– Dette gjer at vi er veldig fornøgde med at det nettopp blei Luranetunet som vann premien.

Høg fem for nye møblar! (Foto: privat/ Bohus)
Høg fem for nye møblar! (Foto: privat/ Bohus)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.