Ei helg med trening, mat og maling
Mange kokkar og passeleg med søl då Os gutar 16 pussa opp sin eigen garderobe.
Bildeserie:
Dei fire garderobane i klubbhuset på Kuventræ blir brukt av lag og gjestar som har kamp, og i treningskvardagen disponerer dei eldste laga kvar sine garderobar for «skifting og skitprat» før og etter trening.
– Vi byrja å bruka garderobe før og etter trening i fjor, og det var digg å vera i varmen før og etter trening, synest gutar 16-gjengen som var på samling i helga.
Samlinga var i god eat-move-sleep-ånd, men ikkje alle rørsle var på kunstgras.
– I år er dei store nok til å få sin eigen garderobe, og vil dei ha det fint rundt seg, så får dei vera med å pussa den opp, seier Kjersti Tysse Plätzer og Solfrid Vernøy.
Det trener førstelaget saman med Hans Ole Mjånes, og sette gutane i sving med kvar sin malarkost mellom treningsøktene i helga.
Spelarane fekk kvar sine kostar og penslar, som dei berre la frå seg då dei var oppom på kvar sine spelarsamtalar med hovudtrenar Mjånes.
Når rundt halvparten seier dei har malt veggar før, og éin og éin går til og frå brettet og hentar maling på kvar si rulle, er det ikkje til å unngå at det kjem nokre flekkar på golvet.
– Tore Kleppe skal legga nytt golv i mars, forklarer damene, som òg hjelpte til med oppussinga.
Laurdag blei det to økter med trening, med matpause og maling mellom øktene på kunstgraset. Søndag venta ny økt på banen.
Bildeserien under er synleg for innlogga abonnentar:
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.