Eivind og Marianne tok med seg Sina, Mika og Noah for å helsa på bestefar på 75-årsdagen.
Eivind og Marianne tok med seg Sina, Mika og Noah for å helsa på bestefar på 75-årsdagen.

– Ei helsing eg aldri vil gløyma

Asbjørn blei overraska av barnebarna på 75-årsdagen.

Kjetil Vasby Bruarøy
19. mars 2020 - 10:29

Tysdag fylte Asbjørn Hodneland 75 år. Jubileet skulle blitt feira i Bjørnefjorden Golfklubb sitt selskapslokale i morgon, fredag, men grunna smitteverntiltak i samband med koronaviruset blei golfklubben stengt.

– Ingen av oss er i karantene, men vi held uansett avstand til kvarandre i desse dagar. Marianne jobbar dessutan på Haukeland, så vi er ekstra varsame, seier Asbjørn sin son, Eivind Hodneland.

Asbjørn har selskap av kona Aud, og dei fekk ei roleg markering med kake i heimen. Men jubilanten fekk òg besøk. Først kom dottera Nina og barnebarnet Vita (5) på terrassen med eit måleri.

– Eg er ganske kunstinteressert, så dette var midt i blinken! seier Asbjørn.

Aud og ektemannen Asbjørn med måleriet som det eine barnebarnet leverta på terrassen.
Aud og ektemannen Asbjørn med måleriet som barnebarnet Vita leverte på terrassen. 

Så kom Eivind, Marianne og tre barnebarn til med ei heimelaga helsing.

– Asbjørn er ein sprek og munter 75-åring, men vi har respekt for smitteverntiltaka, og ville for alle sin del halda avstand. Det var kaldt og vindfullt, men vegen frå Furulunden til Nedre Varåsen er kort. Dessutan hadde alle godt av litt luft, seier Eivind.

Jubilanten set stor pris på helsinga.

– Det har vore mange bursdagsbesøk opp gjennom åra, og eg kjem nok ikkje til å hugsa kvart einaste kake- og kaffibesøk. Men denne dagen vil eg nok hugsa så lenge eg lever. 

– Det er ikkje alltid vi er så tydelege med å seia at vi set pris på kvarandre, å få eit måleri og ei sånn helsing set eg stor pris på! seier Asbjørn.