Ei hyllest til fjøsnissen

VIDEO: Rundt 100 elevar frå kulturskulen skal, saman med Oseana-debutant Otto Hægland, synga, dansa og fortelja om fjøsnissen og Os i gamledagar.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. des. 2014 12:02

Bildeserie:

Måndag er det to konsertar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Otto saman med lærarane Jon S. Sæbø og Patricia Langeland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Klar med gitaren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Gode venninner på generalprøve. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Siste finpuss. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Rundt 100 elevar deltar med song, dans og ulike instrument. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Elevane blir fletta inn i forteljinga til nissen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tysdag var det generalprøve. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Måndag er det to konsertar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Otto saman med lærarane Jon S. Sæbø og Patricia Langeland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 8

Måndag skal elevar frå Os kulturskule ha to julekonsertar i Oseana. Konserten blir ei framsyning basert på ein idé lærar Jon Søfteland Sæbø har hatt i magen ei stund.

Tysdag var Midtsiden på generalprøve.

– Eg spurde elevane kor mange som sette ut graut til fjøsnissen på julaftan. Det var få eller ingen. Dette med dei norske nissane trur eg dessverre er i ferd med å døy ut, og det er fjøsnissen lei seg for òg, fortel Jon.

Han har skrive manus til ei forteljing som blir fletta inn i konserten av konferansier og fjøsnisse Otto Hægland, som stiller som nissen Borg A. Fjell.

– Eg har hatt som mål å få opptre i Oseana og blei glad då Jon spurde om eg ville ta rolla, seier Otto, som har lang fartstid i revymiljøet i Os.

– Har du vore nisse før?

– Eg e' jo nisse heile tida, seier Hægland, som blant anna har malt «God jul» på bunnsmøringa under seglbåten sin.

Musikk, dans, tilbakeblikk - og nisseskikk

I framsyninga, som varer i cirka ein time, får vi sjå rundt 100 elevar frå ulike grupper og på ulike instrument.

Fire av dansegruppene er med, det same er vokalistar, gitaristar, elevar på trommer, tangentar, trompet, trombone og fløyte.

– Elevane tar også del i dramatiseringa om fjøsnissen, som både vurderer å flytta frå Os, der det ikkje er så mange gardar eller særleg med graut å få, og som er flink til å fortelja om Os i gamledagar.

Jon har studert Ossoga og nissen er innom alt frå livet på gardane til Osbanen i si forteljing.

– Vi blir også meir kjent med nissane. Visste du forresten at dei samlast til ein stor fest i Gavelen bak Møsnuken kvar romjul? røper Jon S. Sæbø.

VIDEO: Sjå eit kort samandrag av generalprøven. (Foto: Vidar Langeland)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.