Kultur | 13. okt. 2019

Ei hyllest til irsk folkemusikk

Etter utselt turné i Storbritannia og 48 show i Nederland kjem Seven Drunken Nights til Os.

Ei hyllest til irsk folkemusikk
Konsert, humor og irske røvarhistoriar: Seven Drunken Nights riggar opp kulissar som tar deg med tilbake til Dublin på 1960-talet. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. okt. 2019 09:03

– Dette er ikkje berre ein konsert, det er historia til The Dubliners fortald av showets karismatiske hovudvokalist og kreative regissør, Ged Graham.

Eit spesialdesigna scenesett tar publikum inn i Dublin sine gater og O’Donoghue’s Pub, der The Dubliners imponerande lange historie starta.

– Showet skaper ei autentisk stemning, det blir ein kveld full av humor, musikk og «craic» (irsk for spøk og morosam småprat), skriv managementet i ei pressemelding.

Irlands lengslevande

The Story of the Dubliners fortel om ei karriere som strekk seg over 50 år (1962-2012) for Ronnie Drew, Luke Kelly, Barney McKenna, Jim McCann, Ciaran Bourke og John Sheahan.

The Dubliners blei starta i 1962, og la opp dåsiste originalmedlem av bandet, Barney McKenna, døydde i 2012. 50 år på scenen gjer The Dubliners til Irlands lengslevande band, og dei har påverka ei rekkje irske band, som The Pogues, som dei òg har samarbeidd med i periodar.

Dei er kjent for låtar som The Wild Rover, The Black Velvet Band, The Irish Rover, Molly Malone, Finnegan’s Wake, McAlpine’s Fusiliers og - sjølvsagt - The Seven Drunken Nights.

Bandet Seven Drunken Nights består av Ged Graham, Danny Muldoon, Billy Barton, Paddy Ryan, Nicholas Goode og Max Grey. Dei talentfulle musikarane bringer nytt liv til Dubliners sin ikoniske musikk.

Den to timar lange konserten blir spelt i Oseana torsdag. I skrivande stund er det selt rundt 200 billettar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.