Scene | 03. feb. 2023

Ei latterleg helg

Schjelderup i Oseana - Soo på Catten.

Christoffer Schjelderup i Oseana i 2020 - Ole Soo på Catten i 2012. (Begge foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. feb. 2023 14:57

Synest du vinteren er grå og mørk? Denne helga byr på mykje å le av både fredag og laurdag.

Det er latterlege gjensyn med to som har gjort det bra i Os fleire gongar før, både på Catten Nightclub og i Oseana.

Christoffer Schjelderup står på scenen på Mobergsneset i kveld, og har selt over halvparten av plassane i Oseanasalen til showet «Var det dumt, det?!».

Schjelderup hadde også helaftens show på Oseana i 2020.

Christoffer Schjelderup har halde standup i boden sin fram til fredag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògFylte salen med nøgd publikum

Ole Soo er for tida er aktuell i «Rikets Roast» på VG TV. Men han er ikkje meir travel enn at han rekk ein tur til Os i morgon.

Han var i støtet då han stilte på klubbkveld på Catten med blant andre Stian Blipp i 2012, før Blipp blei programleiar for Idol.

Dette synes Ole Soo om dei som kjem tilbake til jobb frå påskeferie og snakkar om alt feriefettet som no skal av igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògSoo vittig du e'!

Laurdag står han på Catten med kollegaene Martin Lepperød og Galvan Mehidi.

Kvelden på Catten er ifølgje Ticketmaster utselt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.