Lokal | 05. sep. 2011

Ei natt med ravnene

Kvar natt til sundag stiller 3-5 vaksne opp frivillig for å gå natteravn i Os. Midtsiden.no blei med.

Ei natt med ravnene
Natteravnene på vakt i Os sentrum. (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 05. sep. 2011 10:56

Klokka nærmar seg 23.00 laurdagskvelden og vi møter fem kveldsfriske frivillige utanfor Allakten. Felles for dei er at dei har meldt seg til å gå Natteravn på Osøyro denne laurdagsnatta.

Praten sit laust. Nokre av dei har gått saman tidlegare, andre er nye.

- Det ser ut til å vera mykje folk ute i kveld. Eg møtte ei gruppe borte ved Kiwi-en, seier kveldens vaktsjef og styremedlem Sveinung Dalland.

Tur til Øyane

Ei runde med mimring over tidlegare netter må til før gruppa finn fram dei gule natteravnjakkene og legg turen ut i Os-natta.

- Er det berre på Os dykk går, eller dekker dykk heile bygda?

- I utgangspunktet er det på Øyro, men det hender politiet lurer på om vi kan ta ein tur andre stader om det er arrangement dei veit om.

- Ein gong blei vi spurt om å ta ein tur ut i Øyane, då det gjekk rykte om eit skikkelig sjøslag der ute, fortel Petter.

- Vi reiste ut der tre stykker og der blei det ganske riktig delt ut lusingar over ein lav sko.

- Då vi kom ut roa det seg raskt ned, utan at vi måtte gjera noko anna enn å vera der, forklarer den erfarne nattravnen.

Vera synlege

Nettopp det å vera tilstades er oppgåva til natteravnane. Dei skal ikkje vera politi eller vakt, men vera synlege, edrue vaksenpersonar som kan hjelpa om det er nokon som ikkje klarar å ta vare på seg sjølv.

- Berre det at vi er der og er synlege har ofte positiv effekt, forklarar Dalland, i det vi går ut frå Allakten i retning Fjellheim.

Runden startar med ein tur i ytre delen av Osøyro. Turen går via Fjellheim, skulane i sentrum, Vindu mot fjorden og Oseana før vi set retningen mot utestadane i sentrum.

Lyden frå diverse vorspiel høyrest i bakgrunnen den varme haustnatta, men ellers er det stille og roleg sjølv om det byrjar å trekka eindel folk mot sentrum.

Dalland tek ein telefon til politipatrulja for å gje beskjed om at vi er i gang og for å høyra om det er spesielle stadar vi skal vera merksame på. Han får bekrefta at det så langt har vore stille og roleg.

Kjekk ungdom

Då vi nærmar oss Bar2Be blir vi møtt av festglad ungdom som er ute for å trekkja litt frisk luft. Nokre trur riktignok at vi er eit politisk parti på stemmefiske ein sein laurdagskveld, men dei fleste oppfattar kvifor vi er der og kjem bort for å slå av ein prat.

- Det er slik det plar å vera.

- Det er mykje fin ungdom i bygda, smiler vaktleiaren i det vi svinger bortom Kyrkjeflaten på veg til torget.

Også dei eldre utelivsløvene på Irish Cat set pris på at natteravnane er ute. Det er mange som helsar og meiner vi gjer ein god jobb.

Litt rydding tek vi oss òg tid til. Det er mange som har avslutta vorspielt på utsida av utestadane, så bokser og flasker flyt.

- Det er greit på plukka med seg litt rask når vi likevel passerer, så slepp vi at det blir knusing og skade på bildekk og anna, forklarar Dalland.

Pizzapause

Tilbake på Allakten etter første runde blir det tid til ein pizzabete frå Peppes og fleire gode historiar.

- Peppes har i alle år sponsa oss med mat på natta.

- I tillegg stiller forsikringsselskapa opp med jakkane og forsikrar oss, fortel Dalland.

- Men no kunne vi godt fått nye jakker. Det er ikkje mykje refleks igjen i disse utvaska eksemplara, skyt Siri inn til styremedlemmet som lover å ta det opp.

Treng fleire

Medan vi sit der og et fortel Dalland at han ønskjer seg fleire natteravnar.

- I dag er vi snaut 70 som går eit par gongar i året kvar.

- Vi burde ha vore opp mot 100 slik at vi hadde klart å dekka alle helger. Slik det er no blir det nokre helger vi ikkje klarer å gå.

Styret for natteravnane sett opp vaktlister for eit halvår om gangen med ei vakt på kvar natteravn.

- Vi prøver å setja opp fem personar på kvar vakt. Om vi blir færre enn tre på ei vakt er vi diverre nødt til å avlysa runden, beklagar Dalland, som fortel at folk stort sett er flinke til å byta innbyrdes om det ikkje passar.

Klatrande unggutar

Etter matpausa blir det ei ny runde på oss på Øyro. Sidan det er så roleg lar vi det bli med ei runde rundt utestadane og bortom taxien.

- Det er slik det plar vera, stille og roleg, fortel Dalland i det vi ser to karar som prøver å klatra opp på rådhuset.

Ein tur bortom dei to viser at den eine på eit merkverdig vis har klart å få skoen sin oppå eit utbygg. Etter litt fram og tilbake klarer kompisen å hjelpa han opp slik at han slepp å gå berrføtt heim.

Med dei to vel nede på bakken igjen finn vaktsjefen ut at det får vera bra. Ein liten prat med politipatruljen som svinger bortom før vi returnerer til Allakten for å oppsummera og gje oss på heimvegen.

- Ja, korleis synest du det var, blir du med fleire gonger då? lurer natteravnane på då vi tek farvel.

- Og jo, eg stadfestar. Det var kjekt. Trivelege folk både på byen og som natteravnar. Dei kan setja meg opp på lista.

Har du lyst til å veta meir om natteravnane eller å melda deg til teneste kan du kontakta Sveinung Dalland på telefon 911 88 318 eller e-post: sveinung.dalland@hotmail.com, alternativt kan du kontakta Tore Kleppe på 900 56 636 eller to-klep2@online.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.