Lokal | 19. des. 2012

Ei økonomisk sovepute?

Sentrumskoallisjonen fryktar driftstilskot på 500 000 kroner til Oseana skal bli ei sovepute. - Vi vil synleggjera den faktiske ståa, seier Jon Sivert Rykkel (V).

Ei økonomisk sovepute?
Jon Sivert Rykkel (V) tok til ordet for å ikkje auka driftstilskotet til Oseana (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 19. des. 2012 11:35

Det var eit historisk samrøystes kommunestyret som handsama budsjettframlegga for 2013 tysdag. Kommuen har reist seg etter fleire år med kutt og trang økonomi og går i 2012 mot eit overskot på rekneskapen.

Einaste punktet som skapte litt temperatur i salen var då dei fire partia i sentrumskoallisjonen (V, TvS, KrF, Sp) sitt framlegg om ikkje å auka driftstilskotet til Oseana KF med 500 000 kroner.

- Tilskotet til Oseana er eit prinsippielt viktig punkt.

- Om vi gjer dei dette no, så fell det berre inn i den ordinære ramma etterkvart og vi får ikkje fram den faktiske ståa for Oseana, argumenterte Jon Sivert Rykkel (V).

- Vi ønkjer Oseana alt vel, men det er til syvande og sist vårt ansvar å synleggjere den faktiske driften.

- Då får vi heller i ettertid få ei sak om inndekking av eit eventuelt underskot, meinte Rykkel.

I forkant i staden for på etterskot

Rykkel fekk akkurat den reaksjonen han venta frå Espen Aspenes (Frp).

- Det er veldig kjekt at vi har så like budsjettframlegg. Dei er så like at sentrumskoallisjonen kunne stemt for våre gode forslag.

- Det einaste som skil oss er Oseana og tilskotet der.

- Vi får berre konstantera at Oseana ikkje blir ein suksess sett frå opposisjonen sitt ståsted, slo Aspenes fast før han påpeika at einaste skilnaden er at rådmannen set av pengane i forkant i staden for å komme med ei sak i løpet av året.

- Om det å synleggjera dei faktiske talla er å ikkje unna Oseana suksess så er det feil. Vi unnar Oseana suksess, men vil væra ærlege på å synleggjera drifta, svara Rykkel.

Då saka blei votert over fall sentrumskoallisjonen sitt framlegg mot 9 røyster (1 Ap, 3 TvS, 2 V, 2 Krf, 1 Sp) og Oseana fekk auka driftstilskotet sitt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.