Lokal | 21. aug. 2019

Ei stemme til Høgre er ei stemme på Marie Bruarøy som ordførar!

Lesarinnlegg: Ho har vist at ho er ein ordførar for alle!

Ei stemme til Høgre er ei stemme på Marie Bruarøy som ordførar!
Marie Lunde Bruarøy, her då ho som ordførar opna ny del av Ulvenvegen våren 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. aug. 2019 11:30

No er vi inne i dei siste vekene før valet, og vi gler oss over målinga i BT på 15,8 % som ville gjeve oss 6 mandat i kommunestyret. Det er gledeleg oppgang på 50 %! Det er òg veldig hyggeleg at så mange veljarar tek seg tid til ein prat med oss i valkampen når vi har stand eller går dørbank.

Vi merkar ei ekstra spaning i år, med ein ny storkommune som skal formast, der heile den politiske kabalen skal leggjast frå grunnen av. Vi opplever at mange av veljarane er spesielt opptekne av kven som kjem til å bli ordførar, og spør oss om det.

Det veit ikkje vi, men ingen skal vera i tvil om at Bjørnafjorden Høgre går til val på vårt eige program, og at vi vil ha Marie Bruarøy som ordførar. Ei stemme til Høgre er altså ikkje ei stemme til nokon av dei andre partia.

Vi jobbar i valkampen for at så mange som mogeleg skal stemma på Høgre for at vi skal bli godt representerte i det nye kommunestyret, og at vi kjem i posisjon til å få gjennomført vår politikk dei neste fire åra. I tillegg jobbar vi for at Marie skal ta tilbake ordførarklubba.

Eg og resten av partiet er overtydd om at Marie er ein framifrå kandidat. Ho har lang politisk erfaring som varaordførar sidan 2010 og nesten to år som ordførar i Os.

I tida som ordførar styrte ho Os trygt, på ein måte som gav tryggleik og openheit, gjennom å vera inkluderande.

Som leiar i fellesnemnda loste ho Os og Fusa gjennom den mest krevjande perioden av kommunesamanslåinga. Ho viste seg å samarbeide godt med administrasjon og politikarar på tvers av partia i begge kommunane, og viste at ho var ein ordførar for alle!

Marie har gått læretida og vel så det. No er tida inne for at ho igjen skal få ta plass i ordførarstolen! Ho er svært motivert til å vise at Høgre er eit styringsdyktig parti, og tek derfor ikkje på seg nokon andre verv verken i fylkeskommunal eller rikspolitisk samanheng. Ho vil bruka all si tid på Bjørnafjorden kommune!

La det ikkje være tvil: Vi i Bjørnafjorden Høgre står samla bak Marie og vil ha henne som ordførar, og ho er toppmotivert for oppgåva! Om du vil ha Marie Bruarøy som ordførar, og ynskjer eit sterkt Høgre i kommunestyret, så må du gje di stemme til Bjørnafjorden Høgre den 9. september.

Godt val!

Susanne Sperrevik
Leiar, Bjørnafjorden Høgre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.