Næringsliv | 31. des. 2024

Topp 10: Ei stødig feiring av eit år med satsing!

Mest lesne saker: Tid for å sjå tilbake – og fram.

Topp 10: Ei stødig feiring av eit år med satsing!
Redaktør Kjetil Vasby Bruarøy. Foto: Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 31. des. 2024 17:00

Teksten som følgjer, med unntak av topp 10-lista i botnen, er frå eitt av Midtsiden sine to nyheitsbrev. Vil du abonnera på nyheitsbrevet frå underteikna, legg igjen epostadressa di her. I tillegg har vi eitt nytt nyheitsbrev av kollegaen min Marie Kroka, som handlar om næringslivet i Os. Meir om dette lengre nede.

Kjære lesar!

Takk for at du følgjer med oss på Midtsiden, sender kommentarar, lesarbrev, tips, bilde og debattinnlegg!

Takk for at du engasjerer deg for heimbygda og at du hjelper oss å gjera ein betre jobb!

Har du ikkje abonnement for tida? Nett no er det ekstra rimeleg. Vi køyrer eit tilbod der du kan lesa Midtsiden i 5 veker for berre 5 kroner.

• Gå til midtsiden.no/bli-medlem-tilbud

På topp 10-lista over mest lesne saker det siste halve året, ligg blant anna saka om Knut, som etter 12 år i campingvogn endeleg får bygga seg hus. På topplista ligg òg saka om kjøpmann Frank, som på seinsommaren var å finna bak kassen i ein annan butikk, og om oselvarmiljøet som overtok lokalet hans på Buena.

Dette er saker der vi i avisa har fått vera tett på nærmiljøet – ein respons frå dykk lesarar som viser omsorg, respekt, engasjement og sans for bygdekultur.

Sjå alle topp 10-sakene det siste halve året under denne helsinga.

Midtsiden har vakse med rundt 500 abonnentar frå forsommaren til i dag. Vi har utvida redaksjonen med to journalistar, starta video- og podkastserien Sleivkast, tre faste næringslivsspalter og to nyheitsbrev.

• Det andre nyheitsbrevet har vi hatt éi utsending av – det blir sendt frå eiga liste, og du kan melda deg på Næringsnytt på Min side på Midtsiden

• I 2025 utvidar vi redaksjonen yttarlegare. På nyåret skal du få veta kven som kjem om bord. Då blir det endå meir levande bilde på Midtsiden.

No går det mot feiring, kanskje nokre nyttårsbukkar, kanskje nokre minutt til ettertanke – eller nokre løfte om hakket kvassare prestasjonar i det nye året.

Skal du fyra av noko krut på heimebane? Sju stadar i Os sel fyrverkeri, oversikta finn du på Midtsiden.

I lista under ser du nokre av dei ferskaste sakene våre og nokre av dei som er lesne flest gongar det siste halve året.

Takk for 2024 – ha ei stødig feiring!

Kjetil Vasby Bruarøy
Ansvarleg redaktør
kjetil@midtsiden.no

------------------------

Topp 10 frå juli til i dag:

1.

2.

3.

4.

5.

6.

7.

8.

9.

10.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.