Lokal | 22. des. 2019

Ei tørr og solrik jul

Vi får ei jul med fint turvêr, og dei fleste alpinanlegga nærmast Os er opne.

Ei tørr og solrik jul
Det er meldt sol og opphaldsvêr fram til vesle nyttårsaftan. (Ill bilde frå Oseana, foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 22. des. 2019 10:28

Vêret ser ut til å halda seg stabilt gjennom jula.

Det er meldt lettskya og 3-6 plussgradar i dag, søndag, og sånn skal det halda seg nesten fram til nyttårsaftan.

Yr melder regn på dagtid julaftan, Storm melder opphaldsvêr også denne dagen. Elles er det meldt tørt til og med søndag 29. desember.

Fare for frost

Storm melder 1-2 minusgradar frå torsdag kveld til og med laurdag, Yr melder 3-5 plussgradar også desse timane.

Vindstyrken skal halda seg låg, frå 1 til 3 m/s.

Måndag 30. desember er det venta regn.

Opne alpinanlegg

Vi får ei jul med fint turvêr, men det er òg sjanse for å stå på ski.

Voss Resort opna allereie 16. november, det tidlegaste sidan 2002, Eikedalen opna dei første heisane 14. desember, men foreløpig er det berre barneområdet som har nok snø.

Furedalen Alpin hadde plan om sesongopning i går, men mildvêr gjorde at dei måtte utsetja på ubestemt tid.

I Myrkdalen har dei installert nnytt snøproduksjonsanlegg, eit arbeid som ikkje var ferdig då naboane i Bavallen opna. Men no er det snø og ope i heile anlegget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.