Ei utstilling som bør sjåast både dag og kveld

Elevar ved Bjørnafjorden kulturskule stiller ut i Os sentrum.

Før helga kom ei større utstilling av elevar opp i vindauga på Oshjørnet. Den eldste gruppa har blant anna jobba med linotrykk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. des. 2019 14:46

Bildeserie:

Kunsten skal heim til jul - men blir ståande til 16. desember. (Privat foto)
Inspirert av Munch. (Foto: KVB)
Utstillinga bør òg sjåast på kveldstid. (Privat foto)
Kunsten skal heim til jul - men blir ståande til 16. desember. (Privat foto)
Inspirert av Munch. (Foto: KVB)
1 av 3
Inspirert av Munch. (Foto: KVB)
Utstillinga bør òg sjåast på kveldstid. (Privat foto)
Kunsten skal heim til jul - men blir ståande til 16. desember. (Privat foto)

Før helga blei ei utstilling montert i Oshjørnet, i vindauga retta mot Catten og Osøyro Kolonial.

Utstillinga består av både to- og tredimensjonal kunst forma av elevar ved viselle kunstfag hos Bjørnafjorden kulturskule.

– Vi har 26 elevar frå 7 til 15 år gamle, delte i tre trinn, 10 elevar på kvart av dei to yngste trinna, 6 på gruppa for dei eldste, fortel lærar Inga Solsvik Søreide.

Elevane har fått jobba med både teikning, maleri, skulptur og med tekstil og søm.

– Vi har vore innom ulike uttrykk og media, både maleri, grafikk, skulptur, broderi og teikning.

Dag og kveld - med og utan skrik

I vindauga på Oshjørnet står skulpturar i leire, gips, tre, streng og teip.

– Ungdomsgruppa har laga skulpturar med utgangspunkt i menneskekroppen, med eit fokus på eit stilisert eller voluminøst uttrykk. Dei har òg linotrykk med utgangspunkt i mennesket.

Dei to yngste gruppene har laga karakteristiske skulpturar av tre.

– Dei starta med å laga arbeidsskisser, så overførte dei dette til tredimensjonalt uttrykk.

I midten av utstillinga står det tre lysskulpturar. Desse bør sjåast mens det er mørkt ute.

Elevane har òg vore og sett på Edvard Munch-utstilling og fått laga verk inspirert av hans kunstnarskap.

Utstillinga skal stå til 16. desember - dette er kunst som skal heim til jul.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.