Lokal | 27. aug. 2014

Eigaren meldte seg

... men han har flytta frå Os og fortel at båten blei stolen for 3 (!) år sidan.

Eigaren meldte seg
Eigar har meldt seg og vil no selja båten, som blei stolen for tre år sidan. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. aug. 2014 06:28

Den regntunge første helga i august gjekk ein båt ned i Os hamn.

Grunna fare for forureining tok Os brannvesen, som har ansvar for både Os hamn og for akutte forureiningssaker, båten på land.

Båten hadde lagt i hamna i fleire veker og brannvesenet ba eigar om å melda seg for å få båten fjerna frå plenen ved slippen i Hamnevegen.

No har han meldt seg, men det er lenge sidan han har sett båten sin.

– Blei stolen for tre år sidan

– Eg hadde ikkje forsikring på båten og det gjekk ikkje lang tid før eg forsona meg med at båten var vekke, fortel han.

Eigaren hadde brukt mykje tid på å restaurera motoren rett før båt og motor blei stole.

Det er cirka tre år sidan den forsvann frå sundet mellom Ytterøy og Innerøy utanfor Halhjem.

Vil selja den billig

Eigar bur no i ein annan by på Vestlandet og jobbar i eit nyetablert selskap.

– Eg har dessverre ikkje tid til å koma og henta den, derfor vil eg selja den billig, om nokon vil ha den.

– Motoren var totalrenovert rett før den blei stolen. Med så mykje tid som eg brukte på den er det trist å sjå at den har vore under vatn. Men det er kanskje nokre nevenyttige osingar som kan setja båt og motor i stand igjen og få glede av båten, seier eigar og oppmodar folk om å ta kontakt og gje bod.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.