Sport | 17. aug. 2014

Ein annleis sommartur

Bildeserie: Bli med Midtsiden på sommartur til Svalbard, rikt på dyreliv, isbjørn og opplevingar.

Ein annleis sommartur
På tur over Larsbreen, trygt leia av guiden med børsa på skuldra (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresundag 17. aug. 2014 10:39

Bildeserie:

Tett myrull framfor fargerike hus i Longyearbyen (foto: AH)
Tett myrull framfor fargerike hus i Longyearbyen (foto: AH)
Svalbard-valmue under taubanesentralen (foto: AH)
Svalbard-valmue under taubanesentralen (foto: AH)
Bent Larsen gjev guida tur og serverer gourmetmiddag i ein buss! (foto: AH)
Bent Larsen gjev guida tur og serverer gourmetmiddag i ein buss! (foto: AH)
Maten er arktisk og laga på same måte som fangstfolka gjorde, med graving, sylting og røking (foto: AH)
Maten er arktisk og laga på same måte som fangstfolka gjorde, med graving, sylting og røking (foto: AH)
Fossilar er det einaste du har lov til å plukka med deg frå Svalbard (foto: AH)
Fossilar er det einaste du har lov til å plukka med deg frå Svalbard (foto: AH)
Som norsk statsborgar er det ikkje noko problem å leiga rifle, i tilfelle møte med isbjørn. Det måtte Midtsiden gjera då vi skulle på tur på eigenhand (foto: AH)
Som norsk statsborgar er det ikkje noko problem å leiga rifle, i tilfelle møte med isbjørn. Det måtte Midtsiden gjera då vi skulle på tur på eigenhand (foto: AH)
Rypefamlie på veg opp på Platåfjellet. Kor mange ser du? (foto: AH)
Rypefamlie på veg opp på Platåfjellet. Kor mange ser du? (foto: AH)
Svalbardreinen er godt vant til folk og bryr seg ikkje særleg når du nærmar deg (foto: AH)
Svalbardreinen er godt vant til folk og bryr seg ikkje særleg når du nærmar deg (foto: AH)
Då er det tryggare å halde avstand til denne karen. Isbjørnen vi møtte i Pyramiden (foto: AH)
Då er det tryggare å halde avstand til denne karen. Isbjørnen vi møtte i Pyramiden (foto: AH)
Kanskje ikkje rart Sasha, den russiske guiden i Pyramiden var litt ekstra på vakt (foto: AH)
Kanskje ikkje rart Sasha, den russiske guiden i Pyramiden var litt ekstra på vakt (foto: AH)
Pyramiden var ein av dei beste byane å bu i Sovjet, noko dei tre medaljane på veggen bak Lenin-statua er prov på (foto: AH)
Pyramiden var ein av dei beste byane å bu i Sovjet, noko dei tre medaljane på veggen bak Lenin-statua er prov på (foto: AH)
Polarrev på jakt under fuglefjellet i Sassenfjorden (foto: AH)
Polarrev på jakt under fuglefjellet i Sassenfjorden (foto: AH)
Dei 12-14 russerane som bur i Pyramiden har lite å gjera på. Då blir det gjerne kunst av skrapmetallet (foto: AH)
Dei 12-14 russerane som bur i Pyramiden har lite å gjera på. Då blir det gjerne kunst av skrapmetallet (foto: AH)
Også på sommaren kan lyset på Svalbard vera magisk (foto: AH)
Også på sommaren kan lyset på Svalbard vera magisk (foto: AH)
Det same er utsikta, om du kjem deg opp på eit av fjella rundt Longyearbyen (foto: AH)
Det same er utsikta, om du kjem deg opp på eit av fjella rundt Longyearbyen (foto: AH)
Oppussing av Svalbard-butikken ved hjelp av firma frå Os (foto: AH)
Oppussing av Svalbard-butikken ved hjelp av firma frå Os (foto: AH)
1 av 16

Dei fleste nordmenn som reiser til Svalbard gjer det på våren, når ein kan ta seg rundt på snøscooter og oppleva det magiske lyset, kor dagane blir ein halvtime lengre for kvart døgn.

Vi hadde lyst å oppleva korleis Svalbard var på sommaren.

Éin ting som slår deg når du reiser til Svalbard i juli er kor mykje blomar det er i det karrige øyriket. Sjølv langt til fjells, midt oppi steinura, dukkar det opp fargeklatt etter fargeklatt med blomar.

Rullande servering

For å gjera oss kjent i Longyearbyen og nærområdet kjøpte vi oss ein billett til Artic Tapas, ein rullande restaurant, kor ein i tillegg til å få servert gourmetmat basert på lokale og nordnorske råvarer, og får ein guida rundtur på nokre av dei få kilometrane med veg som er på Svalbard.

Gründar og mannen bak konseptet, Bent Heggen Larsen, er sjølv både guide og bussjåfør på turen, og for ein mann, full av historiar og sjarm.

På skikkeleg "ola-engelsk" fortel Bent om korleis gruvesamfunnet har utvikla seg frå den spede starten. Då gjer det ingenting at stormessa blir omsett til «the big mess» når han skal fortelja korleis gruvearbeiderane budde og åt i gamledagar.

Artic Tapas blei av kjentfolk omtalt som den nest beste restauranten på Svalbard etter Huset, men før Funken. Ein resturant vi blei skuffa over var den på Radisson Hotell. Utsikta er fantastisk, men maten var ikkje spesielt spennande eller god. Då likte vi heller å gå på kroene «Kroa» og «Svalbar», kor gode porsjonar blei servert til ein rimeleg penge.

Fossiler og isbre

Den tryggaste måten å ferdast rundt på er å melda seg på organiserte utflukter. Då får du med deg guide som kjentmann og til å ivareta tryggleiken, om det skulle dukka opp isbjørn. Vi meldte oss på ein fottur til Trollsteinen, ein spektakulær fjellknaus, litt innanfor Longyearbyen.

– Er det greitt om eg legg om ruta litt, slik at vi går ned via Longyearbreen? Då kan vi òg stikka bortom fossil-feltet, undra guiden, då vi kløyv opp ura nedanfor Larsbreen vi skulle kryssa.

Sjølvsagt var det greitt for oss. Fossilar er faktisk det einaste du får lov til å plukka og ta med deg frå naturen på Svalbard. Alt av restar frå gruvedrifta som blei driven rundt byen er nemleg automatisk freda og ikkje lov til å røra.

Med gevær på skuldra

Sjølv om det tryggaste er å vera med på organiserte turar, så er det ikkje problem å forlate busettinga på eigen hand. Då utflukten vår blei avlyst den eine dagen, fann vi ut at vi ville vitje Platåfjellet, som ligg rett ovanfor Longyearbyen, på eigenhand.

Problemet er berre det at du kan ikkje forlata byen uten å ha med deg våpen, men heller ikkje det viste seg å vera eit problem.

Ein kjapp tur til Sysselmannen sitt kontor, fiksa det. Som norsk statsborgar var det berre å søkja om midlertidig løyve til å leiga våpen til eventuelt sjølvforsvar mot isbjørn. I løpet av fem minutt var vandelen sjekka og løyve gitt, og turen kunne gå til sportsforretninga for å leiga ein gamal mauser, tidlegare nytta i forsvaret.

– Du vil ikkje skyta isbjørnen. Det er meir styr med, enn om du drep eit menneskje på Svalbard. Kjem han, så skyt varselskot og kom deg unna, var rådet vi fekk av utleigaren.

Heldigvis kunne patronene ligga trygt i lomma, vi slapp å møte bamsen på turen vi gjekk åleine.

Isbjørnen terroriserte Pyramiden

Men dagen etter fekk vi sjå han. Rett utanfor det nedlagte russiske gruvesamfunnet, Pyramiden, tusla den kvite bamsen på fleire hundre kilo.

– Han har vore her i to dagar. I går var han inne i busettinga. Vi skaut 20 varselskudd, men han reagerte ikkje.

– Heller ikkje helikopteret som blei tilkalla for å skremma han vekk gav effekt, fortalte Sasha, den russiske guiden i byen.

Det var kanskje ikkje så rart at guiden vår blei litt ekstra på vakt og oppteken av at gruppa heldt seg samla.

Betalt for å bu der

Pyramiden blei vinteren 1998/99 fråflytta i løpet av få dagar. Dei som budde der fekk beskjed om at dei skulle få koma tilbake og henta eigedelane sine, men det skjedde aldri.

Difor kan du framleis sjå kaffikoppane på borda og oppvasken på benken, om du kikkar inn vindauga.

I dag bur det 12-14 russarar i byen, tilsett av den russiske staten, for å halda eigerskapen til byen i hevd.

– Om ei busetting blir fråflytta i meir enn ti år, så fell den tilbake til Noreg. Det er grunnen til at dei bur her i dag.

Henta tre lass med jord

Under den kalde krigen var Pyramiden Sovjetunionen sitt utstillingsvindauge mot Vesten.

– Her skulle det ikkje mangla noko. Mellom anna blei det henta inn tre-fire båtlass med jord. Den blei sådd til for å pynta byen.

– Dette er difor den einaste plassen på Svalbard kor du ser gras, forklarte guiden.

Eit anna døme på at byen var ein av dei beste i den gamle unionen er dei tre stjernene som pregar kulturhuset.

– Dei er prov på at byen tre gongar er kåra til Sovjet sin beste by å bu i, kåra av innbyggarane.

Tett på dyrelivet

Turen til Pyramiden gjekk ved hjelp av ein rib. Har du god rygg og ikkje er redd for å bli litt øm i rumpa, er det absolutt å anbefala.

I motsetnad til utflukt med tradisjonell båt fekk vi sjansen til å gjera strandhogg kor vi ville, noko som gjorde at vi kom tett på polar-revane som jakta fugleungar ved fuglefjellet eller dyrelivet ved fangsthytta i Skansbukta, ei idyllisk bukt i Billefjorden, på veg heim til Longyearbyen frå Pyramiden.

Så, kan vi tilrå ein tur til det norlege øyriket også på sommaren?

Ja, definitivt!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.