Lokal | 04. mars 2016

Ein av to bruker inhalatoren feil

Apoteka i Noreg med ny teneste til astma- og kolspasientar som bruker inhalasjonsmedisin. – No tilbyr vi inhalasjonsvegleiing for både nye og gamle brukarar, fortel Håvard Loftheim.

Ein av to bruker inhalatoren feil
Apoteker Håvard Loftheim hos Vitusapotek Irisgården tilbyr no gratis inhalasjonsvegleiing (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 04. mars 2016 08:48

I statsbudsjettet for 2016 blei det satt av 5 millionar kroner til eit prøveprosjekt kor apoteka får ansvaret og oppgåva med å vegleie brukarar av ulike inhalatorar.

– Omlag 50% av dei som bruker inhalator for å ta medisin bruker den feil, fortel apotekar Håvard Loftheim ved Vitusapotek Irisgården.

Høge kostnader

Kostnaden med feilbruken er høg, ikkje minst for pasientane sjølv, men òg økonomisk for samfunnet. I 2014 brukte 430 000 nordmenn legemiddel mot astma og kols i følgje reseptregisteret. Tilsaman kjøpte desse pasientane inhalasjonslegemiddel for i overkant av éin milliard kroner.

– Legemidla ein tek med inhalator skal virke lokalt i lungene. Difor er det viktig at ein nyttar riktig pusteteknikk. Det finst 14 ulike inhalasjonstyper, som kvar har ulike bruksmåter.

– Nokre av midla er forebyggende, andre er anfallsmedisinar. Om ein ikkje får den forebyggande medisinen ned i lungene på rett måte er gjerne konsekvensen at ein må bruka meir av anfallsmedisinen. Dette er ikkje gunstig og noko ein vil freiste å forhindra.

Lavterkseltilbod

Tilbodet som ein no kan få på samtlege apotek i landet skal vera lett tilgjengeleg og enkelt å nytta seg av.

– Fastlegane har gjerne ikkje tid nok til å gje ei grundig innføring i bruken, difor har staten no satt denne oppgåva bort til apoteka som eit prøveprosjekt.

– Dette skal vera eit lavterkseltilbod. Hit kan pasientane komme direkte, eller dei kan bli henvist til oss frå legen sin. Sjølve veiledninga tek ikkje meir enn seks-sju minutt og blir utført av ein farmasøyt som er sertifisert av apotekaren, forklarar Loftsheim.

Opplæringa går på praktisk bruk av nettopp den inhalatortypen pasienten har fått, men òg meir generelle gode tips og råd.

Trur mange kan ha nytte av det

Apotekaren har stor tru på forsøksprosjektet.

– Det er første gong apoteka får ei slik oppgåve frå staten.

– Det er nok mykje brukerfeil blant pasientane. Det at dei no kan læra den rette teknikken med den inhalatoren dei nyttar trur eg mange kan ha veldig god nytte av.

– Opplegget er utarbeidd av apotekerforeninga og er det same uavhengig av kva apotek eller kjede du går til, avsluttar Loftheim.

Fakta om ordninga

  • Den er offentleg finansiert
  • Den er gratis for pasientane
  • Tenesten er basert på bransjestandard utarbeidd av Apotekarforeninga
  • Det er ei prøveordning som skal evaluerast

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.