Os vassverk (foto: Andris Hamre)

Ein bærekraftig vassbransje

Temaet for Verdas Vassdag 22. mars er «vatn og bærekraftig utvikling». Den norske vassbransjen har potensial til å bli bærekraftig, men det krevjar innsats! I Os kommune har vi spannande arbeid og ambisjonar på området.

Av: Andris Hamre

2. mars markeras Verdas Vassdag over heile verda. FN har bestemt at temaet i år skal være «vatn og bærekraftig utvikling», for å rette merksemd på trong for gode vasstenestar og vasstenestenes verknad for ein bærekraftig utvikling. 

Vatn er bærekraftig utvikling

I dag er det store utfordingar knytt til vatn og avløp. 780 millionar menneskjer har ikkje tilgang til trygt drikkevatn og 2,5 milliardar har ikkje tilfredsstillande avløpsforhold. FNs tusenårsmål skal i 2015 erstattas med nye «Sustainable Development Goals», der vatn og sanitær er foreslått som eitt av måla: «Sikre tilgang og bærekraftig forvaltning av vatn og sanitær for alle».

Vatn er kjernen i ein bærekraftig utvikling. Rent vatn i springen og i naturen er heilt sentralt for en god helse, industri og næringsliv, energiproduksjon, produksjon av mat og likestilling. Det meste av dette tar vi for gitt i Norge. Folk i Norge tilhørar mindretalet i verda som kan seias å ha det grunnleggande for vekst og utvikling på plass. 

Den norske vassbransjen har starta eit viktig arbeid for å bli ein enda meir bærekraftig bransje. Det inneberer tiltak på ein rekke områder. Eksempel på eit bærekraftig tiltak kan være auka produksjon av rein energi frå vatn- og avløpsanlegg, gjennom varmepumper og biogassproduksjon. Eit anna eksempel er tiltak som sikrar ein meir effektiv resirkulering og gjenbruk av næringsstoffa i avløpsvatnet. 

Vatn er helse og miljø

Nok vatn og reint vatn er livsviktig for folks helse. Kroppen kan klare seg lenge utan mat, men ikkje utan vatn. Handvask er eit av dei viktigaste tiltaka for å unngå spreiing av sjukdom. I Norge tar vi dette for gitt, men på verdensbasis er mangel på rent og nok vatn årsak til 9 % av alle sjukdommer og 6 % av alle dødsfall i følgje Verdas Helseorganisasjon.

Stadig meir ekstremregn, overvatn og flommar pregar nyheitsbildet i Norge som i andre land. Vi må sørgje for at vi klarer å handtere framtidas ekstremregn og snøsmelting gjennom førebyggande tiltak som lokal overvassdisponering, tiltak på leidningsnettet og sikre flomveger. Mange andre steder i verda er også tørke og mangel på vatn eit problem. Både for mykje vatn og for lite vatn er eit problem for dei menneskjene som rammes.  

Investeringar i vatn lønner seg

Investeringar i vatn og avløp er viktig for alle menneskjer, og globalt investeras det 700 – 800 milliardar dollar årlig i vassbransjen. Sjølv i Norge har vi trong for auka investeringar i vår infrastruktur for vatn og avløp, og særlig i fornying av leidningsnettet som ligger under bakken. I dei neste 15 åra må den norske vassbransjen investere nærare 490 milliardar kroner for å både ta igjen eit etterslep på vedlikehald samtidig som vi skal investere for å takle auka folkevekst og endringar i klima. 

Studiar internasjonalt viser at for kvar krone investert i vatn og sanitær i eit lokalsamfunn, gir 4 kroner i auka produktivitet.  Trong for store investeringar viser kva eksportmogligheiter det er for norsk vassindustri og kor framtidsretta det er å satse på ein karriere i vassbransjen. Dersom ein jobbar med vatn, bidrar ein samstundes til ein bærekraftig samfunnsutvikling.

Os kommune satsar

Os kommune har starta med auka fokus på rehabilitering av gamle vatn- og avløpsleidningar. Prosjektavdelinga i kommunen har styrka sitt mannskap og vi er i gang med ein rekke prosjekt som vil bidra til sikker vassforsyning framover. 

Driftsavdelinga i kommunen er også styrka gjennom eit tett samarbeid med Bergen Vann. Vi har i fleire år hatt store vasslekkasjar i leidningsnettet vårt, men med systematisk lekkasjesøk har vi begynt å sjå effekten av dette arbeide og andel lekkasje er noe redusert. 

Eit leidningsnett fram til den einskilte eigendom kostar pengar i investering samt drift og vedlikehald. I tillegg kostar det pengar å produsere reint vatn. Kommunestyret har vedtatt dei lokale gebyrforskriftene, og fastsetter også nivået på dei årlige gebyra som krevjast inn. Det gjøras på bakgrunn av kunnskap om kva kostnader som kjem det komande året, både for å sikre drifta av anlegga samt foreta naudsynte investeringar. Kommunerevisjonen fører tilsyn med at gebyra blir brukt på riktig måte. 

Installering av vassmålar kan være ein fordel for dei abonnentar som har eit lite vassforbruk. Da vil du kun betale for det vatnet du faktisk bruker. For meir informasjon om gebyrutvikling og vassmåler, sjå https://oskommune.no/Handlers/fh.ashx?MId1=556&FilId=3140

Os kommune er ein attraktiv kommune å bo i noe som  sjølvsagt svært gledelig. Men det krevjas også ein satsing på lokal infrastruktur og kommunen står overfor fleire utfordingar innan vass- og avløpstenesta som skuldas eit gamalt leidningsnett og det faktum at vi blir stadig fleire innbyggarar. 

For å forsyne alle med reint vatn og gode avløpstenestar må vi som er tilsette i kommunen jobbe hardt framover. Vi lover at vi skal gjøre vårt beste for at innbyggarane i Os får en sikker vassforsyning og gode avløpstenestar også i framtida. 

Marianne Kramer
Teknisk sjef, Os kommune 

Fleire saker