Fotball | 16. jan. 2012

Ein fantastisk karriere er over

14 år som proff: Bjørn Dahl set skoa på hylla og avsluttar med det ein lang og flott fotballkarriere.

Ein fantastisk karriere er over
Bjørn Dahl. (Akrivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. jan. 2012 21:50

Bjørn Dahl har vore i tenkeboksen den siste tida. No har han bestemt seg for ikkje å halda fram med fotball.

– Eg trente éi veke med Fyllingsdalen etter nyttår. Onsdag bestemte eg meg, no blir det full fokus på utdanning og ny jobb, seier Bjørn til Midtsiden.no.

Seriegull med Brann (2007), cupmeister med Viking (2001), landskamp og nesten 300 Tippeliga-kampar; Bjørn Dahl er med god margin den osingen som har oppnådd mest på fotballbanen,

Frå Øyglimt til Tippeligaen

Bjørn, som fyller 34 år i april i år, blei proff som 19-åring.

Han vaks opp på Lepsøy og spelte sine første fotballkampar som lilleputt på Øyglimt. Så var han innom Jadakameratene før han gjekk til Os der han avslutta med på eit opprykk til 2. divisjon i 1997.

– Den hausten signerte eg med Viking, men før eg byrja på fulltid i klubben gjorde eg unna førstegongsteneste på Madla, fortel Dahl.

Over 270 elitekampar

Osingen blei etterkvart ein nøkkelspelar for Viking, der han fekk 171 kampar, blei cupmeister (2001) og fekk 8 gode år før han, i forkant av 2006-sesongen var del av ein, for SK Brann, god bytehandel som del av overgangen til Ragnvald Soma.

Dahl spelte for Brann, i hovudsak høgreback, fram til 2009, då han delar av sesongen var på utlån til Hønefoss. Det blei 103 kampar for Brann og 11 kampar for Hønefoss før overgang til Løv-Ham, der han i 2010 og 2011 fekk 50 kampar.

Bjørn kjem ikkje til å halda fram i klubben som no er i 2. divisjon og slått saman med Fyllingen.

Utanom klubbfotball har det blitt éin landskamp (2004) og fire U21-landskampar på osingen.

Blir i Bergen - utan ball

Dahl har siste år av bachelorgraden igjen og studerer no kristendom og idrett ved Norsk Lærerakademi (NLA).

– Eg håper på å få meg ein lærarjobb, men treng også faget pedagogikk. Men det kan henda eg jobbar frå hausten av og tar siste fag på fritida, seier Bjørn.

Bjørn og kona Sigrun bur i Sædalen og har tre ungar saman. Viss du trudde han no skulle flytta til Os og trappa ned med fotball i 3. divisjon tar du feil.

– Vi trivst veldig godt i Sædalen, der vi flytta inn i nytt hus i fjor, og eg har heller ikkje planar om å spela fotball på lågare nivå. Eg kjem nok til å prøva å halda meg i form, men det blir med eigentrening og ikkje i ein fotballklubb påstår eks-proffen frå Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.