Kultur | 15. juni 2016

Ein fantastisk kominasjon av tur og kultur

Video og bildeserie: Os Musikkforening, med instrument, inviterte seg med Turboklubben på tur.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. juni 2016 09:48

Bildeserie:

Turen starta med konsert ved Buena.
Turen starta med konsert ved Buena.
Så var det marsj for både Turbo-ungar og musikantar.
Så var det marsj for både Turbo-ungar og musikantar.
Bjørn og pappa Jostein Ulland. Ingrid Madsen t.v.
Bjørn og pappa Jostein Ulland. Ingrid Madsen t.v.
Konsert og quiz i skogen.
Konsert og quiz i skogen.
Karl Ole Midtbø var dirigent.
Karl Ole Midtbø var dirigent.
Idyll ved Pøylo i Lysefjorden.
Idyll ved Pøylo i Lysefjorden.
1 av 6
Turen starta med konsert ved Buena.
Så var det marsj for både Turbo-ungar og musikantar.
Bjørn og pappa Jostein Ulland. Ingrid Madsen t.v.
Konsert og quiz i skogen.
Karl Ole Midtbø var dirigent.
Idyll ved Pøylo i Lysefjorden.

Turboklubben, klubben for friluftsbarn frå 5 til 10 år som Os Turlag starta i januar, fekk uventa følgje rundt Pøylo i Lysefjorden tysdag ettermiddag.

– Det ringte nokre damer frå Os Musikkforening og spurde om dei kunne vera med oss på tur. «Sjølvsagt!» svarte eg, før eg visste kor utruleg bra det kom til å bli, seier André Marton Pedersen.

Marton Pedersen er leiar for Turboklubben i Os og jobbar i tillegg som informasjonsleiar for Bergen og Hordaland Turlag.

– Overraskande bra oppmøte

André fortel at Turboklubben har blitt godt mottatt og hatt mange fine og folksame turar denne første vinteren og våren.

– Men dei siste vekene har mange vore opptatt med ulike avsluttingar på skulen, så eg var spent på kor mange som dukka opp i går.

– Derfor var det ekstra kjekt at det kom 50 turgåarar og saman med 30 musikantar blei vi ein fin gjeng!

Tre konsertar og spennande quiz

Etter synfaring med musikkforeininga var turen og konsertplanen klar.

– Vi starta ved Buena, der vi fekk nokre låtar før avmarsj, så blei det tur langs Pøylo med to stopp med musikk.

– Musikantane hadde førebudd seg veldig godt og appellerte verkeleg til ungane, som både fekk høyra filmmusikk og delta i musikalsk quiz. Noko med det mest morosame og lærerike var då ungane skulle høyra kva instrument som spelte, og ein med tuba sette seg gøymd i skogen og spelte «Bamsens fødselsdag» av Thorbjørn Egner!

Tiltak frå korpsforbundet

Ruth Elin Midtbø i Os Musikkforening fortel at bakgrunnen for at musikantane ville på tur er ein aktivitet Norge Musikkorpsforbund starta i Friluftslivets år i fjor.

Med «Korps på friluftstur» kan lokale korps spreia musikk i nærmiljøet. Tiltaket er sponsa av Gjensidigestiftelsen og korpsa som søkjer kan få økonomisk støtte som dei kan bruka til instrument eller aktivitetar.

– Vi søkte i fjor òg, men det var først i år vi fekk støtte. Sølvi Midttveit og Ingeborg Steinkjær hos oss har jobba ein del med dette, og av 73 søkjarar var vi blant dei 18 som fekk positivt svar.

Ho synestdet var veldig kjekt å få vera med ungane i Turboklubben på tur.

– Det var ein heilt fantastisk gjeng, både som turkameratar og publikum. Vi er veldig takksame som fekk vera med, og for måten dei lytta og engasjerte seg på!

Neste korpstur går til Liafjellet

Som del av opplegget skal Os Musikkforening på tre turar denne sesongen. Turen i går var den andre.

– Laurdag gjekk vi frå 5-årsmarkeringa til Oseana via Lyngheim til Moldegård med ulike stopp og konsertar på vegen, blant anna utanfor huset til Ola Midtbø, fortel Midtbø.

Neste tur går til Liafjellet søndag 21. august.

– Då håper vi å famna breitt, at det er mange som kjem til Storevarden for å lytta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.