– Ein fin måte å samla Os på
Det blei utselt på både brygge og båt då Os kommune inviterte til bryggedans med rekebord utanfor Os Sjøfront laurdag.
Bildeserie:
– Dette var ein kjekk måte å samla Os på! seier Toril Søvik.
Ho var blant dei rundt 800 som hadde skaffa seg billett til bryggedansen som, grunna utselte billettar, blei supplert med MS Midthordland liggande til kai som eit utvida del av brygga.
– Vi koser oss veldig, seier Toril, som var på fest saman med Tom Søvik, Katrine Wergeland og Even Sævareid.
– Har det godt i hjartet i dag
– Takka vera sånne som desse går det an å stella i stand ein slik fest, sa ein oppstemt ordførar Terje Søviknes og la armane rundt fire kvinnelege frivillige vaktar frå Osfest-systemet.
Han fortel at prosessen har vore kjempespennande.
– Det er ikkje akkurat sånne ting eg og Tor Inge Døsen driv med til dagen, å få ein sånn respons frå osingane når vi lager fest er heilt fantastisk.
– Eg har det godt i hjartet i kveld. Eg håper og trur at dette kan bli ein tradisjon.
ORBO med band og Gina Aspenes og Leif Østrem som gjestevokalistar sto for den musikalske stemninga.
Sjå video av fyrverkeriet i Os hamn under bryggedansen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.