Torunn Rød Farsund med oselvaren utstilt på Kyrkjeflaten på 17. mai. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Ein fin og spesiell idé

Osfest får skryt for ideen om å kombinera dei to handverka som Os er mest kjent for – oselvar og rosemåling - i sin «flytande maskot». 

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– Det byrja med at eg såg båten på Dra til Sjøs i fjor. Eg måtte berre kjøpa den, seier Ole Reinert Berg-Olsen.

Ein oselvar i storleik 1:2 sto utstilt på båtmessa i Bergen og artisten, som seinare same år lanserte Osfest, slo til.

– Båten er bygd av Harald Dalland, som dessverre gjekk bort i mars i år og ikkje fekk sett båten ferdig malt.

«Osfestaren» blei første gong vist på Dra til Sjøs i april i år, og i Os på Kyrkjeflaten på 17. mai. No står han utstilt i foajeen i Oseana med årer og segl.

Hyra rosemalar

Frå før har Osfest rosemalt delar av logoen sin. Osrosene er malt av Torunn Rød Farsund.

– Eg synest det var veldig kjekt då dei tok kontakt og bad om løyve til å bruka rosene mine, det er kjekt når slike tradisjonar blir brukt på ein litt annan måte, seier Torunn.

Torunn jobbar frilans som illustratør og har i mange år hatt rosemaling som hobby. Ho er sjette generasjon rosemalar og held også kurs i rosemaling.

Nyleg hadde ho kurs for 36 amerikanarar på besøk i Os, ho har også vore i USA for å halda kurs i den fleire hundre år gamle rosemalartradisjonen i Os.

– Då dei kom med oppdraget med oselvaren synest eg det var ein super idé. Det er første gong eg maler ein heil båt, og det blei ei veke arbeid med det, men eg ville støtta festivalen og den fine ideen.

– Ein god idé

Den første Ole gjekk til med ideen, Åmsund Lien på Oselvarverkstaden, fekk veldig sans for prosjektet.

– Det er ein fin og spesiell idé. Sjølv om båten er ein modell i storleik 1:2 er det ikkje ein bruksbåt, så å kombinera desse to mest kjente og unike handverka frå Os synest eg er ein veldig fin tanke.

Både Torunn og Ole Reinert fortel om veldig hyggelege tilbakemeldingar.

– For oss har dette vore eit samlingspunkt, som ein maskot, som har gjort det endå meir stas å stilla ut med Osfest-stand.

– Vi er veldig glade for at Torunn ville støtta opp om festivalen og ta dette oppdraget til ein snill pris.

 

 

Fleire saker