Nornekoret julekonsert 2019

Ein fin start på ventetida

Nornekoret med 8 ungdomar lagde julestemning i Os kyrkje.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Søndag hadde Nornekoret sin årlege julekonsert, tradisjon tru 1. desember.

I oktober feira dei 10-årsdagen sin med gjesteband frå NRK, Det Umulige Bandet, første søndag i advendt hadde dei som tidlegare år med seg unge musikarar.

Talent og rutine

Mens rutinerte Åsmund Brekke spelte piano besto resten av bandet av Kongshaug-elevar som ikkje har spelt med Nornekoret før, Kristian Mjelstad, Idar Rolland og den unge mannen med det, for ein julekonsert, passande namnet Josef Gabrielsen.

Ragnhild Kristine Midtbø, som òg spelte med Nornekoret for to år sidan, stilte med trompet og flygelhorn.

På vokal hadde Nornekoret med seg søstrene Sina og Kaja Henne.

– Vi synest det er ein viktig del av konserten, at nye stemmer og tonar får visa seg fram, samtidig er det jo kjekt for oss i koret òg, seier Laila Storvik.

– Og så er dei jo så flinke! legg dirigenten til.

Koret hadde i tillegg med seg to unge jenter til å tenna første advendtlys og til å delta på eit vers.

Meir øving enn først tenkt

Storvik seier Nornekoret er eit lågterskel-kor, og at dei har plass til fleire medlemmar.

– Nokre har kome og gått. Katrine Askvik, som var solist på energiske Jingle Bells, har ikkje tid til å øva med oss meir, men stilte opp som solist.

Med to 10-årskonsertar i Vognhallen i oktober blei det tett løp opp mot advendt.

– Nokre låtar krev litt meir øving enn andre, som «O helga natt», når du skal øva inn eit arrangement utan tenor.

– Det blei litt meir øving enn først tenkt, men det gjekk fint, synest dirigenten.

Det synest underteikna òg; konserten var fint framført og spennande sett saman. Lyden blei servert med stødig hand av Nils Midtseter.

Fleire saker