Lokal | 03. okt. 2012

– Ein flott plass å driva hotell

Bergen Hotell Gruppen har stor tru på Os kommune og på tomta ved Oseana, men seier det kan gå litt tid før dei bestemmer seg.

– Ein flott plass å driva hotell
Sånn blir delar utsikta frå nokre av romma i eit eventuelt framtidig hotell ved Oseana. (Foto: KVB) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. okt. 2012 08:23

Måndag beste formanskapet i Os kommune seg for å gje rådmann og ordførar løyve til å gå i forhandlingar med Os Sjøfront om kjøp av potensiell hotelltomt ved Oseana og sjøfront-prosjektet.

Les òg: Kommunen vil kjøpa hotelltomta

Søviknes har vore i tett dialog med OBOS om bygging av hotell og Bergen Hotell Gruppen om drift, men treng meir tid enn kva Os Sjøfront vil gje han i forhold til avklaring om tomta.

– Den sjarmerande byen ved Bergen

Bergen Hotell Gruppen driv i dag Scandic Bergen City/Bergen Kongressenter, Hotell Neptun og Hotell Strand.

– Bergen kjem til å bli utvida og veksa seg sørover. I framtida trur vi Os vil bli den sjarmerande vesle byen ved sidan av storbyen Bergen, seier Erling Falch Monsen frå Bergen Hotell Gruppen.

– Nærleik til Bergen, og ikkje minst Flesland, betyr mykje. I tillegg er det nærmast ideell plassering på denne tomta, så nær sjøen, Mobergsvika, Oseana, båthamna og sjølve Os sentrum.

– Samtidig har vi inntrykk av at Os kommune har ei veldig handlekraftig leiing, både politisk og i administrasjonen. Ting tar ikkje unødig lang tid i Os.

Ventar på ny veg

Men nærleken til Bergen og Flesland er ikkje den same no som når det har kome ny veg i tunnelar til Rådal.

– Hadde arbeidet vore i gang og vi hadde hatt ein opningsdato for nyevegen ville alt sett annleis ut. Reknestykket og risiko når du skal bygga eit nytt hotell er éin ting, infrastrukturen til Os ein annan. I vår var det snakk om å utsetja vegen, no går det vel mot oppstart etter planen, men vi vil veta dette sikkert.

– Om Os kommune kjem i mål med kjøp av tomt og står klar til å selja denne vidare på nyåret, står de då klare til å kjøpa?

– Eg trur kommunen skal få gjera sitt arbeid ferdig og så får vi sjå korleis det blir med Svegatjørn-Rådal til våren. Det er for tidleg å seia noko no, men eg trur at vi først kjem til å sjå på dette igjen mot slutten av 2013.

– Med ferdigregulert tomt og avklaring om ny veg kan tomta brått blei endå meir attraktiv, også for andre. Fryktar du at det kan bli konkurranse om tomta, siden de ikkje har nokon avtale med kommunen?

– Om det kjem konkurranse så får vi forholda oss til den, det er ikkje noko vi kan gjera noko med no, seier Falch Monsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.