Éin førar blei meldt til politiet av Statens vegvesen
Tunge køyretøy og varebilar blei kontrollert på Svegatjørn kontrollplass i dag. Fleire førarar og firma fekk reaksjonar.


Kontrollen blei gjennomført tysdag 16. desember, med fokus på trafikksikkerheit, køyre- og kviletid og teknisk tilstand på køyretøya.
Totalt køyrde 79 tunge køyretøy over kontrollplassen.
Reaksjonar for sikring og sikt
I alt seks køyretøy fekk bruksforbod.
Tre køyretøy fekk forbod grunna mangelfull lastsikring, og måtte sikre lasten betre før vidare køyring.
To køyretøy fekk bruksforbod fordi gjenstandar i frontruta hindra sikta til sjåføren. Desse måtte fjernast.
Eitt køyretøy fekk bruksforbod på grunn av overlast, og måtte losse av for å få køyra vidare. I tillegg blei det gitt gebyr på 7.200 kroner for hendinga.
Fleire manglar
Det blei også avdekt fleire manglar knytt til tekniske forhold og til kviletid.
Eitt køyretøy fekk teknisk mangel på underkøyringshinder, eitt hadde feil ved lysutrustinga, eitt hadde feil montering av registreringsnummer, eitt hadde stor sprekk i frontruta og eitt hadde skade i dekk.
Éin førar fekk også gebyr fordi køyretøyet ikkje hadde med tilstrekkeleg tal kjettingar.
Éin førar blei meldt til politiet
Innan køyre- og kviletid fekk fire førarar til saman fem åtvaringar for mindre brot på regelverket.
Éin førar vil bli meldt til politiet for eit større brot på kravet til døgnkvile.
I tillegg vil to firma bli sendt til føretakskontroll for ein utvida kontroll av køyre- og kviletid i verksemda.
Statens vegvesen opplyser at kontrollane er ein del av arbeidet med nullvisjonen for hardt skadde og drepne i trafikken, og skal bidra til tryggare vegar for alle trafikantar.






