Lokal | 29. aug. 2017

– Ein gledens dag

Initiativtakar Bjørg Randi Lekven og "garantist" Arvid Myrmell lar smilet gå rundt. No er el-syklane som skal ta demente med på tur kome til Luranetunet.

– Ein gledens dag
Bjørg Randi Lekven med Arvid Myrmell i ein av dei to rickshawane som no har kome til Luranetunet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 29. aug. 2017 12:55

I mai fekk tilsette og pårørande ved Luranetunet demonstrert rickshawene (elektrisk sykkel med to sitteplasser foran) som Tormod Hansen frå Sykling uten alder hadde med seg. Demonstrasjonen kom etter initiativ frå Bjørg Randi Lekven, tilsett på dementavdelinga på Luranetunet.

– Dette er hjartebarnet mitt og eg har lurt korleis vi skulle få fatt i ein slik sykkel til avdelinga. Eg skal ikkje legga skjul på at eg blei både stolt og glad då eg kom tilbake på jobb etter ferien og såg at sykkelen vår var komen, fortel Lekven.

Stort engasjement

Lekven fortel at det har vore eit stort engasjement for å finansiera sykkelen.

– Vi har fått inn 68 190 kroner i basar og gåver. Det har kome gåver frå privatpersonar, pårørande, ulike lag, organisasjonar og bedrifter. Vi er utruleg takknemelege for kvart einaste bidrag.

– Likevel vil eg spesielt få takka Arvid Myrmell, som sa han ville hjelpa meg å få dette i hamn. Han garanterte for summen, slik at eg hadde tryggleiken i at eg kunne berre køyra på og bestille sykkelen slik at vi var sikre på å få den i år og ikkje måtte venta til vi var i mål med innsamlinga, seier Lekven.

– Dette var noko både eg og kona mi Vibeke ønskte. Det er kjempekjekt å sjå at sykkelen no står her, smiler Myrmell då Midtsiden er på besøk for å sjå og testa sykkelen.

Vinn-vinn

Den var forresten relativt lettkøyrd, men vi ville nok hatt oss nokre fleire testturar før vi hadde tatt med oss bebuarar ut på tur, berre for å bli enno tryggar. Syklane har el-motor som hjalp godt til i motbakkane.

– Eg kjem til å nytta alle finvêrsdagar til å sykla og å læra det til andre. Alle som skal ta med bebuarar ut på tur må ha pilotbevis. Det vil si at ein har vore gjennom ei opplæring.

– Det kan òg vera greitt å ha testa sykkelen med ein sprek passasjer, slik at ein veit kor eiga grense går. Eg må innrømma at det var tungt opp igjen frå Os, men som pilot kjem eg jo til å få betre kondis, så det er jo vinn-vinn, ler Bjørg Randi Lekven.

Treng pilotar

Saman med andre tilsette på Luranetunet har ho testa dei to syklane (kommunen har òg kjøpt inn ein, journ.mrk) hyppig.

– Det har blitt nokre timar rundt og rundt her, men heldigvis har eg ein tålmodig mann som veit at når det gjeld dei eldre og dette prosjektet, så er eg nesten umogleg å stoppa.

– No er vi klare til å starta opplæring av fleire pilotar. Vi har meldt oss inn i sykling uten alder, så både sykkel, pilot og passasjer er forsikra. Med to syklar treng vi så mange frivillige som mogleg, så det er berre å ta kontakt med meg, så skal dei som har lyst få prøva, avslutter Bjørg Randi Lekven på Luranetunet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.