Samferdsle | 21. juli 2021

– Ein glipp av oss

Lover å henta bosset i dag.

– Ein glipp av oss
Bosset flyt på Lepsøy ved Riddarhaugen. Det har det gjort sidan helga, ifølgje innringar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. juli 2021 14:04

Fellesferien er i gang, og eit ferieteikn som av og til dukkar opp, er overfylte konteinarar for hytte- og båtturistar.

Dei siste dagane har det vore rikeleg med boss rundt dei mange konteinarane på Lepsøyvegen ved Riddarhaugen.

Fleire heile sekkar står plasserte ved konteinarane. (Foto: KVB)
Fleire heile sekkar står plasserte ved konteinarane. (Foto: KVB)

– Eg ringte Bir både måndag og tysdag, men bosshaugen berre aukar. Det same gjeld på Lepsøy ved brua over til Brimsholmen, men der har eg rydda sjølv, seier ein innringar.

Konteinarane har lås, men fleire står med lokket oppe. Ei rekkje svarte sekkar står ved sidan av, i tillegg flyt det med boss som måsar eller andre fuglar og dyr truleg har slite ut av posane.

Blir rydda i dag

– Vi endrar frekvensen frå påske. Då aukar vi frå berre torsdag til måndag og torsdag, fortel kommunikasjonsrådgjevar Kari Mjømen i Bir.

Ved ein glipp blei det ikkje tømt måndag.

– Eg har fått beskjed om at det er sett opp ei ekstra rute i dag. Om ikkje det er rydda allereie, så blir det i ettermiddag.

Kari Mjømen. (Foto: Bir)
Kari Mjømen. (Foto: Bir)

Tips og ønskje

Mjømen tar seg også tid til å gi litt «vaksenopplæring».

– Vi ønskjer jo at folk ikkje plasserer boss ved konteinarane om dei er fulle. Nøklane passar også til konteinarar andre stadar, så om dei tar med seg avfallet til ein annan stad, er det kanskje ledig der.

– Grovavfall, for eksempel frå oppussing, skal fraktast til gjenvinningsstasjonen i Kolskogen, at ikkje ein enkelt hytteeigar tar opp plassen naboane har bruk for.

– Kva med svarte sekkar?

– Svarte sekkar i konteinaren er greit, men då skal den oppi, ikkje ved sidan av. Om det ikkje er plass, må avfallet over i gjennomsiktelege sekkar før dei blir leverte i Kolskogen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.