– Ein god stad for politisk debut
Før sommaren frykta leiinga for framtida til det over 40 år gamle tverrpolitiske lokalpartiet. – No har det snudd, seier Sperrevik og Fimreite.
Samlingslista, den første bygdelista i Os, blei stifta i 1971. Seinare kom Tverrpolitisk parti og dei to slo seg etterkvart saman til Tverrpolitisk Samlingsliste for Os.
Historikken, merittlista og påverknadskrafta til TvS er god. Samlingslista hadde ordførararen i til saman tre periodar (12 år). TVS har ved to siste lokalval vore tredje og fjerde største parti (bak Frp, H og Ap), med 12 (2007) og 9,8 (2011) prosent av stemmene, og dei er i dag representert i alle dei fire største utvala, kommunestyret, formannskapet, plan og bygg og tenesteutvalet.
– Men då vi hadde intern oppteljing i vår frykta vi litt for framtida. Nokre styremedlemmar, som formann Einar Øvreberg, gruppeleiar Eirik Neverdal og styremedlem Anders Hjelle vil trappa ned.
– Vi er glad for god oppslutnad, men vi treng også eit arbeidsvillig styre for å driva TvS vidare, både i valkampen og etter valet, seier Terje Sperrevik.
Han har sete i TvS sidan 90-talet og vore representant i fleire utval dei siste periodane.
Ein god plass å starta
Sperrevik har saman med Rune Fimreite takka ja til å halda fram i styret, for å halda kontinuiteten oppe. Men samtidig starta i sommar jakta på nye, gjerne yngre krefter.
– TvS står fritt, vi jobbar frå sak til sak til beste for bygda vår. Men det betyr òg at vi ikkje har noko moderparti som sit sentralt og hjelper til, vi mottar ikkje noko støtte, verken moralsk eller økonomisk.
– Vi forstår at ungdomsparti kan vera freistande for poltisk engasjert ungdom å melda seg inn i, men vi trur at ei samlingsliste som TvS har endå lågare terskel og kan vera ein fin plass å debutera politisk.
– Her treng du ikkje ha sett deg inn i noko komplisert valprogram eller ha problem med å veta kva parti du faktisk er mest einig med. Her treng du berre generelt engasjement til beste for Os, eller spesielt engasjement i éi eller fleire saker.
Frå utsida og inn
Rune Fimreite er eit nyare medlem av TvS sitt styre. Han har vore skrivar for partiet i inneverande periode, og fortel om sin inngang til lokalpolitikken.
– Eg har inntrykk av at det er mange kunnskapsrike osingar, folk med nær kjennskap til enkeltsaker, folk som har meininger og gode argument i fleire viktige saker. Utfordringa er at mange av desse ikkje blir høyrd av dei som bestemmer.
– Eg var ein av dei som kjente fleire saker og hadde synspunkt. Å melda meg inn i TvS var ei god oppleving. Her fekk eg møta mange flinke folk med gode haldningar, og sjølv om mange etterkvart er erfarne i politikken blir alle lytta til.
Fimreite fortel at arealplanlegging og skule er prioriterte område for TvS, kampen mot nedlegging av krinsskulane og kampen for fornuftig arealutvikling.
– Planlegginga av OHARA, det komande nye sentralreinseanlegget til Os, er eit godt døme på ei viktig sak for TvS, der vi innleiingsvis gjekk imot fleirtale i kommunestyret, og seinare, saman med eit stort engasjement hos innbyggarane, lykkast med å få ei endra plassering av dette.
– I framtida kjem fleire viktige saker for Os, knytt til både vegbygging, folkevekst, arealutvikling og tenesteyting.
– Vi har lykkast med å få fleire med oss, som villige til å ta sentrale verv, men har plass til fleire tankar og stemmer så vi best mogleg kan ta stilling til sak for sak til beste for Os.