Jenny Drange frå Motor-Drange viser nye Sting 600. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Ein grei båt for teinefiske

Sjå bildeserie frå årets store båtmesse på Sotra, «Dra til Sjøs 2019».

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I helga blei 12.000 kvadratmeter av Straume Idrettspark fylt med «alt det lekreste som kan flyte», som arrangøren sjølv skriv.

Blant utstillarane var som vanleg brygge- og båtprodusentar, og forhandlarar, frå Os.

Fiskebåt og flaggskip

Drange-familien, som i fjor feira 50-årsjubileum, er første i Noreg til å visa fram finske XO sitt nye flaggskip, 36 fot store XO 360.

Samtidig hadde dei med seg eit merke som dei starta med i fjor, norskdesigna «Sting», som saman med Nordkapp i førre veke blei kjøpt opp av Frydenbø.

– Sting har både raske daycruiserar og gode bruksbåtar, som Sting 600, fortel Jenny og viser fram ein ruvande, open teinevenleg båt.

– Den er 21 fot og 2,32 meter brei. Du får den òg med hytte, men den rakk vi dessverre ikkje å få med på messa, fortel Arne.

Askeladden med ny båt på heidersplass

Rett innanfor inngangsdøra sto Askeladden med 15 utstilte båtar.

– Standen vår var full frå dørene opna og gjennom nesten heile helga. Dra til sjøs er veldig godt besøkt samanlikna med messer vi deltar på i utlandet. Men mange er her berre for å sjå, seier Jonathan Dyrstad frå Askeladden Boats.

Askeladden lanserte heilårsbåten P79 på messa.

– Båtane våre er i ein prisklasse som gjerne ikkje fører til så mange spontankjøp, men det har vore stor interesse og vi har sendt ut mange tilbod. Dei neste vekene blir spennande.

Kollega Joakim Nordstrønen legg til at to av C-båtane blei selt mens dei rigga opp messa.

– Interessa har vore stor for C-båtane, men nye P79 har òg fått mykje positiv merksemd.

Plastsnekke med påhengsmotor

– Vi starta med ein eigenkapital på 8000 kroner då vi køyrde til Austevoll og kjøpte ein bruktbåt som vi selte igjen. Så har det bygd seg opp gradvis. No eig vi eit lager vi leiger ut, held på å bygga oss nytt til oss sjølv og eig òg heile varelageret vårt, fortel Bjarte Refvik frå Sotra Båt AS.

Han og broren Jørgen driv på deltid, og stilte ut på heimebane med båtar av merket Crescent.

– Dei er billige i både innkjøp og drift, romslege og enkle å vedlikehalda. Samtidig får vi ros for kvalitet og design. Med mindre du treng fart, har du alt du treng i desse båtane, seier Bjarte om dei påhengsdrivne plastsnekkene.

Folk vil fiska frå vannskuter

I den andre enden av fartsskalaen står Stig Hatlestad frå Seadoo-forhandlaren Bilskadesenteret. Etter ein svært god vannskutersesong sommaren 2018, fekk han seg ei overrasking på 2019-messa.

– Den skuteren eg hadde minst tru på, er den som har fått mest merksemd, seier Stig om SeaDoo Fish Pro.

Vannskuteren er spesialtilpassa for fiske, med stort lasterom framme, 70 literstank saman med reservetank på 15 liter, fotkvilarar til sidelengs-sitjing med fiskestang, og stor fiskekasse og haldarar til fleire stenger bak.

• Les òg: Største fisk blei tatt frå vannskuter (fiskekonkurranse i Øyane hausten 2018)

– Fleire som har gått lenge og lurt på å kjøpa seg vannskuteren har sagt «no sel eg båten». Sjølv om denne er tilpassa fiske, har den motor med 155 hk, gode køyreeigenskapar og går i 50 knop.

Fleire saker