Bjarte Hjelmeland stiller utan kostyme i Oseana neste helg. (Pressefoto)
Bjarte Hjelmeland stiller utan kostyme i Oseana neste helg. (Pressefoto)

Ein konsert forma ved slumpetreff i Nord-Noreg

Bjarte Hjelmeland har sett JA!-showet på vent, men byr opp til «pubkonsert» forma i Nord-Noreg.

Ørjan Håland
25. juli 2020 - 10:22

I år skulle Bjarte Hjelmeland turnert med JA!-showet sitt, men smitteverntiltak har sett turneen på pause.

Men Hjelmeland har andre ting å by på, og har blitt del av Oseana sitt sommarprogram. Fredag om ei lita veke går han på scenen i Oseanasalen.

– Eg har vore så heldig å få jobba saman med to flinke musikarar, Tove Kragset og Bjarte Aasmul, i over 15 år. Frå før har vi laga tre humorshow saman, og vore mykje på tur.

– Gjennom alle desse åra har har det blitt mange lydprøvar i forkant av desse humorshowa. Vi har hatt ei greie med at vi har på kvar av desse lydrøvane skulle vi læra oss ein ny song, seier Hjelmeland. 

Frå pub til pub i Nord-Noreg

Konserten som finn stad på Oseana i slutten av juli har sitt utspring i nord.

– Det starta med at vi var på turné i Nord-Noreg. Etter eit show i Mo i Rana vart vi spurt om vi ikkje kunna koma innom på ein lokal pub for å laga litt liv. Vi troppa opp på puben med eigne instrumenter og spelte musikk. Det vart godt mottatt, og ryktet spreidde seg nordover til resten av speleplassane. Det vart nesten ei fast greie at vi stilte på lokale pubar etter showa i Nord-Noreg.

– No er dette pubshowet blitt hovudnummeret og 31. juli i Oseana er vi klare for å spela igjen.

Bjarte, Bjarte og Tove tar pubsuksess frå nord med seg til Os.
Bjarte, Bjarte og Tove tar pubsuksess frå nord med seg til Os. 

Ein meir naken opptreden

Bjarte Hjelmeland er blant anna kjent for hyppige kostymeskift og gode parodiar. Denne gongen vert det ein «ekte og ærleg» Bjarte du får oppleva.

Les òg: Delte ut humor, varme og visdom (2016)

– Det er viktig å understreka at dette ikkje er noko show. Her vil vi vera oss sjølv og by på god musikk som har betydd mykje for oss og andre opp gjennom åra.

– Det heller nok mykje mot det melonkolske, men då sjølvsagt med glimt i auget. Eg må jo seia at eg er veldig glad i country, seier Hjelmeland.

Trivst på Oseana

Bjarte Hjelmeland har tidlegare hatt show på Os og i Oseana. Trass mange show i Bergen, ein halvtime unna, verkar det som om Bjarte synest det er noko eige å koma til Os.

– Eg har vore på Oseana tidlegare, og eg trivst svært godt på Os. Det er ein flott stad å få opptre, og eit fint publikum, sånn eg kjenner det, avsluttar Hjelmeland.