Admiral P mellom kordamene Ina Makeda og Kenya Emil. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ein kur mot unwanted stiffness

Siste Osfest-kveld: Admiral P lagde sommarstemning i striregnet. 

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag var siste kveld for årets Osfest, og siste fest på grusplassen som no skal bli parkeringshus med kunstgras på taket.

Desse sto på plakaten:
18:00 This Was My Life
19:30 Heine Totland´s Rock & Roll Circus
21:00 Admiral P
22:45 Violet Road
00:30 Waterwagon

• Sjå bildeserie: Sånn var Osfest-fredagen

Fredag fortalte festivalsjef Tor Egil Hylland at han rekna med at det var 1200-1500 gjestar innom festivalområdet i finvêret. Den regntunge laurdag såg det ut til å vera noko færre, men allereie før midnatt hadde arrangørane passert 1000 liter selte øl. Prosecco og liknande blei baren i VIP-teltet fort utselt for.

Folk kom dessutan endå tidlegare. Det såg kanskje ikkje så folksamt ut framfor scenen, men i telta sat det truleg over 400 allereie i 18.30-tida. Kim Larsen-tribute skapte godstemning frå start, og blei forsøkt heia inn til ekstranummer.

Heine Totland's Rock & Roll Circus nærmast kommanderte alle ut av dei store telta og fram til scenen. 

– Det er eg som har mikrofonen, men alle ser på ho! sa Totland, og gav mikrofonen til bandets einaste kvinne og einaste austlending, Karianne Kjærnes.

Den profilerte koristen tok lead vocal på ein låt og to mens det energiske cirkuset hadde scenetid. 

Admiral P - med ro og rytme 

Kongen av norsk reggae har kanskje ikkje så stort kongedømme, men Philip «Admiral P» Boardman og The Global Citizen Band spreidde smittsame, jamaicanske rytmar over grusen. Her var det ikkje anstrengt swing, slik vi elles ofte ser, uansett sjanger, men eit publikum som brått var kurert for unwanted stiffness (som det heitte i lettøl-reklamen for nokre år sidan).

• Les òg: Musikken er ikkje min lenger, den er alle sin

Og hovudpersonen hadde det ikkje travelt med å koma på scenen, det internasjonale bandet varma publikum opp instrumentalt. Så skrudde dei erfarne korjentene Ina Makeda og Kenya Emil opp temperaturen yttarlegare.

Admiralen sparte òg på dei største hitane sine, og song Lars Kilevold sin «Livet er for kjipt» før han drog sin eigen «Engel». Mens Sondre Justad snakka om politikk på fredagen, var det livsfilosofi det gjekk i hos reggaekongen.

Å ikkje bry seg om regnet, å gjera sitt besteog å vera glad i livet. Så song han Wenche Myhre sin låt, «Vi lever». På sin måte.

Årets tyngste regnskyll?

Dei siste åra er det i 21-tida at festivalområdet i publikumsmengde først har sett ut som eit festivalområde. Sånn var det denne helga òg. Sondre Justad fekk eit stort publikum klokka 21 fredag, Admiral P hadde det største publikummet laurdag.

Men reggae i regnet tok tydelegvis på - og regnet kom i striare strøymar.

Dei nordnorske brørne i Violet Road måtte nøya seg med å synga til eit publikum på avstand, under kanskje litt for store og fine telt.

Det nystarta, lokale bandet Waterwagon, med svært erfarne musikarar, erstatta Untouchablues med stil. Dessverre var det fleire som hadde gått for å tørka seg, og kanskje årets tyngste regnskyll i det dei starta å spela.

Nokre hundre var igjen i telta frå klokka 00.30, og Waterwagon gav publikum både fleire av låtane som kjem på debutalbumet i september, og nokre fengande coverlåtar.

Når området er rydda og arrangørane har fått oversikt over billettsal og servering blir det spennande å høyra om festivalen, trass lågare publikumstal enn det dei hadde håpa på, vil landa på beina.

Fleire saker