Kultur | 17. juni 2013

– Ein kvar fotograf sin draum

... er å fanga augneblinken. Det har Knut-Inge klart, helsa Øyvind Gjerde frå kultureininga då han opna Johnsen si fotoutstilling på Kyrkjeflaten i dag.

– Ein kvar fotograf sin draum
Knut-Inge Johnsen opna måndag fotoutstilling på Kyrkjeflaten (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 17. juni 2013 11:10

I løpet av tre år tok Knut-Inge Johnsen omlag 1500 bilde frå kontorvindauget. No er 120 av dei blitt til utstilling, hengt opp på snorer mellom trea på Kyrkjeflaten.

Bilda skildar livet rundt dammen til alle årstider.

– Knut-Inge har klart det ein kvar fotograf drøymer om, nemleg å fanga augneblinken.

– Du skal ha litt flaks, men du skal òg vera dyktig til å sjå motivet, helsa Øyvind Gjerde frå Os kommune. Gjerde, som sjølv er ein ivrig fotograf, har latt seg imponera over Johnsen sine bilde og uttrykk.

– Gjennom å gjera det på gamlemåten med framkalling og bearbeiding i mørkerommet har Knut-Inge gjeve bilda eit spesielt uttrykk.

– Det er nesten så ein skulle tru at fleire av dei er tatt på 1800-talet.

Ein møteplass og eit pusterom

Dei 120 bilda viser korleis livet rundt dammen har vore, med ungar som har plaska og leika rundt den, til vaksen på tur forbi.

– Bilda viser òg at dammen fungerer som ein møteplass og eit pusterom, konkluderte Gjerde.

Bente Bratlund helsa fotografen på sin måte, gjennom dikt og vers som passa motiva.

– Takk for at du har vist oss desse vakre augneblinka, helsa Bratlund.

Bilda heng fram til om lag klokka 18 måndag. Tysdag formiddag blir dei hengt opp igjen, og om vêret held blir det også utstilling onsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.