Éin månad igjen

På omvising med brannsjefen: Sånn såg det ut i brannstasjonen i går, éin månad før overlevering 12.12.12.

Brannsjef Stein Gjøsund framfor det som blir kontor (2. etasje) og kantine (1. etasje) i den nye brannstasjonen på Moberg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. nov. 2012 10:26

Bildeserie:

Far og son Nordahl-Pedersen monterer for Hodneland Bygginnredning. (Foto: KVB)
Fire av dei fem portane er med innsyn. (Foto: KVB)
Brannstasjonen er litt raud. (Foto: KVB)
Med dette aggregatet er stasjonen sjølvforsynt med straum ved krise. (Foto: KVB)
I går kom dekoren på plass. (Foto: KVB)
1. etg. mot E39: Kantina til brannvesenet. (Foto: KVB)
Trapp og "påle-hus". (Foto: KVB)
Ein av seks garderobar; damegarderoben til brannvesenet. (Foto: KVB)
Her kjem trimrommet. Badstova er nesten ferdig. (Foto: KVB)
– Som eit måleri, seier Gjøsund om utsikta frå møterommet. (Foto: KVB)
Far og son Nordahl-Pedersen monterer for Hodneland Bygginnredning. (Foto: KVB)
Fire av dei fem portane er med innsyn. (Foto: KVB)
1 av 10
Fire av dei fem portane er med innsyn. (Foto: KVB)
Brannstasjonen er litt raud. (Foto: KVB)
Med dette aggregatet er stasjonen sjølvforsynt med straum ved krise. (Foto: KVB)
I går kom dekoren på plass. (Foto: KVB)
1. etg. mot E39: Kantina til brannvesenet. (Foto: KVB)
Trapp og "påle-hus". (Foto: KVB)
Ein av seks garderobar; damegarderoben til brannvesenet. (Foto: KVB)
Her kjem trimrommet. Badstova er nesten ferdig. (Foto: KVB)
– Som eit måleri, seier Gjøsund om utsikta frå møterommet. (Foto: KVB)
Far og son Nordahl-Pedersen monterer for Hodneland Bygginnredning. (Foto: KVB)

Måndag var detakkurat éin månad til den nye brannstasjonen skal stå ferdig. Vi fekk ei omvising med brannsjef Stein Gjøsund.

Les òg: – Eit beredskapshus (kranselaget i mai)

– Dei fleste handverkarfaga er i full sving inne og ute, seier Gjøsund medan vi går rundt beredskapshuset til hovudinngangen på nordsida.

På kortveggen mot Kiwi blei det montert skilt og dekor av ein brannmann med spylerslange. Rundt på nordsida mot Ulvenvatnet er fleire inngangar.

– Legevakta har eigen inngang for dei som kjem med ambulanse, direkte inn til behandlingsromma. Denne inngangen kan også politiet bruka om dei for eksempel skal oppom og ta blodprøve av ein som er mistenkt for promillekjøring.

Større legevakt

Publikum som kjem til brannstasjonen og legevakta for eigen maskin kjem stort sett til å bruka felles hovudinngang, inn i gangen med dobbel takhøgde, der brannvesenet vil ha utstilt nokre av klenodia dei har tatt vare på.

Legevakta får to behandlingsrom, eige overvakingsrom med vindauge inn mot resepsjonen, som er større og får eigen krok til opphaldsrom. Ved disken i resepsjonen kjem ein liten skjerm så du står uforstyrra frå andre på venterommet.

Garderobar, badstove og trimrom

Du kjenner lukta som heng igjen etter at du har sete rundt eit bål. Å koma heim frå sløkkeoppdrag med brannvesenet set også sitt preg på dei tilsette sin aroma og eigen garderobe er nok noko av det brannvesenet har sakna mest.

– Her får vi fleire store garderobar, eigne for feiarar og brannvesen og naturlegvis eigne for menn og kvinner, sjølv om vi førebels ikkje har kvinnelege feiarar.

Garderobane ligg praktisk plassert mellom garasje og kontor, mellom skitten og rein sone. I tillegg er det eigne garderobar oppe ved trimrommet og badstova i andre etasje.

– Som eit måleri

Nærmast E39 og Liafjellet, i andre etasje i det som frå utsida er den stripete, raude delen, ligg kontor til både brannsjefen og andre tilsette, mot nord, leiar for beredskap, mot sør, leiar for feiing og tilsyn.

– Det er som eit måleri, seier Gjøsund, og ser frå møterommet mellom trimrommet og kontorfløyen og ut mot gardane på Moberg og vidare til Ulvenvatnet.

Publikum som køyrer forbi kan også nyta utsikta og synet av den nye stasjonen.

– Nokre liker fasaden veldig godt, med grått og raude striper i litt retrostil. Men eg har også høyrt at det er enkelte som ikkje synes stasjonen er raud nok eller så fin som dei hadde håpa på. Den er spesiell og eg forstår at det er delte meininger om fasaden, smiler brannsjefen.

Innsyn, innflytting og opning

Brannstasjonen har ein stor garasje mot sør der fire av fem portar er med glas og innsyn.

– Vi vil vera synleg, men har vaskehallen med lukka port, både av praktiske årsaker og for at vi skal kunna ha ein plass der vi kan jobba med bilane utan innsyn, for eksempel om vi har tatt inn ein skadd bil frå ei ulykke.

Onsdag 12.12.2012, klokka 12 naturlegvis, skal brannstasjonen overrekkast til Os kommune.

– Den dagen held vi ein liten seremoni med enkelte inviterte gjestar. Så skal legevakta flytta inn før jul og vi tar trinnvis flytting av utstyr og mannskap med første virkedag i ny stasjon tidleg på nyåret.

I siste halvdel av januar blir det to nye markeringer.

– Då ser vi for oss offisiell opning ein fredag, med fleire inviterte gjestar frå både departementet og andre brannkorps, og påfølgjande open brannstasjon for publikum dagen etter, om laurdagen, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.